Américo Gallego

argentinsk fotballspelar

Américo Rubén Gallego (fødd 25. april 1955) er ein argentinsk tidlegare fotballspelar som vart verdsmeister under VM i fotball 1978 i heimlandet. Midtbanespelaren spelte 73 landskampar for Argentina og var elles aktiv i Newell’s Old Boys og River Plate.

Américo Gallego
Tologallego.jpg
Fødd 25. april 1955
Fødestad Morteros

KlubbspelEndra

Gallego var frå 1974 profesjonell i Newell’s Old Boys i Rosario. Her var han lagkamerat med spelarar som Jorge Valdano, Juan Ramón Rocha og Ricardo Giusti, men lukkast aldri vinne nokon meisterpokal med Newell’s. I 1980 byrja Gallego spele for River Plate, klubben til dei rike i Buenos Aires. Av andre toppspelarar på River Plate ved den tid kan nemnast Mario Kempes, Enzo Francescoli og Nery Pumpido. Fyrst i 1986 lukkast Gallego vinne ein nasjonal meistertittel då River Plate vann seriemeisterskapen med ti poengs margin til nettopp Newell’s Old Boys. Året etter tok River Plate seg til finalen i Copa Libertadores, der laget på bortbane i Colombia slo América de Cali 2-1 for så på heimebane sikre seg pokalen med siger 1-0. Gallego la opp i 1989.

Gallego i 1982

LandslagsspelEndra

Gallego deltok mellom 1975 og 1982 i 73 landskampar for Argentina, skåra tre mål. I 1978 spelte han alle kampane i verdsmeisterskapen på heimebane, der Argentina vann finalen mot Nederland 3-1 etter ekstraomgangar. Også i Fotball-VM 1982 fekk han jamnast plass i fyrsteellevaren. Gallego spelte då sin siste landskamp i mellomrunda, ein kamp som enda med tap 1-2 mot den seinare verdsmeisteren Italia.

TrenarEndra

Gallego har mellom anna vore trenar både i River Plate, Independiente og Newell’s i heimlandet, samt i Toluca i Mexico.

KjelderEndra