Amal Murkus (fødd 11. juli 1968) er ein palestinsk songar som bur i Israel. Musikken til Murkus vert sett på som pionérarbeid, då ho skapar ein post-modernistisk musikkstil der forskjellige middelhavspåverknadar møter kvarandre. Det fyrste albumet hennar, Amal, kom ut i 1998, og hennar andre, Shauq, i 2004. Songane hennar hentar inspirasjon frå både palestinsk og arabisk kulturarv, og dette blanda med moderne popmusikk er sagt å uttrykke kampen mot marginaliseringa som den arabisk-palestinske kulturen vert utsett for.

Amal Murkus

Fødd11. juli 1968 (55 år)
FødestadKafr Yasif
Fødenamnأمل مرقس
OpphavPalestina
Instrumentvokal
Verka somskodespelar, songar, komponist, programleiar

Murkus er fødd og oppvaksen i den palestinske byen Kafr Yasif i Galilea, og har brukt den musikalske karrieren sin på å framheve palestinsk musikk og kultur i Israel og verda elles. Murkus har songe sidan ho var fem år gammal, og vann i 1979 fyrstepremien i ein songfestival for israelsk-arabiske born. Ho vart uteksaminert frå Scenekunstinstituttet i Tel Aviv i 1990.

Diskografi endre

  • Na'na' ya Na' na' (2007)

Bakgrunnsstoff endre