Kafr Yasif (hebraisk כַּפְר יָסִיף; arabisk كفر ياسيف, Kufr Yaseef) er ein arabisk by i Nord distrikt i Israel. Han ligg 11 km nordaust for byen Akko og like ved Abu Sinan. Folkesetnaden i Kafr Yasif er stort sett kristen (57%) med ein stor muslimsk minoritet (40%), og eit lite drusararsamfunn.[3]

Kafr Yasif
כַּפְר יָסִיף, כפר יאסיף, كفر ياسيف, Kafar Yasif, Kfar Yasif
lokal kommune
Downtown Kafr Yasif
Namneopphav: Landsbyen til Yasif[1]
Land  Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°57′17″N 35°9′55″E / 32.95472°N 35.16528°E / 32.95472; 35.16528
Areal 3,19 km²
Folketal 8 700  (2009)[2]
Folketettleik 2 727 / km²
Borgarmeister Awni Toma
Kart
Kafr Yasif
32°57′17″N 35°09′55″E / 32.954722222222°N 35.165277777778°E / 32.954722222222; 35.165277777778
Kart som viser Kafr Yasif.
Kart som viser Kafr Yasif.
Kart som viser Kafr Yasif.
Wikimedia Commons: Kafr Yasif

Historie

endre

Det er grave ut mange funn frå antikken i Kafr Yasif, som mosaikkgolv, korintiske søyler og cisterner skore ut i berggrunnen.[4] Kafr Yasif er omtalt i skriftene til den romersk-jødiske historikaren Josefus Flavius. Han var busett i krossfarar tida av kristne og betalte skatt til kongedømet Jerusalem.[5] Han vart skildra som ein del av området til krossfararane under hudnaen («våpenkvilen») mellom krossfararane i Akko og mamelukk-sultanen al-Mansur Qalawun i 1283.[6]

Osmansk tid

endre

Under osmansk styre vart det hovudsakleg dyrka oliven og bomull i Kafr Yasif.[7] Osmanske skattelister frå 1596 syner at Kafr Yasif hadde eit folketal på 58 muslimske hushaldningar, sju muslimske ungkarar og 19 jødiske hushaldningar.[8]

I 1740-åra budde ti jødiske hushaldningar i Kafr Yasif og fekk selskap av andre jødar som forlet Safad tidleg i 1760-åra etter eit jordskjelv der i 1759. I følgje jødiske reisande, levde jødane i Kafr Yasif godt under Daher al-Omar, den sjølvstyrte arabiske herskaren i Galilea.[9]

I 1838 var Kafr Yasif klassifisert som ein stad med ein gresk-ortodoks majoritet med ein minoritet av muslimar og drusarar.[10] I 1880 hadde landsbyen eit folketal på kring 600, av desse 500 gresk-ortodokse og 100 muslimar. Ei kyrkje frå 1600-talet låg i landsbyen og hadde fleire ikon gjevne av Russland. Landsbyen hadde store cisterner skore ut i stein.[11][12][13] I følgje Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine, var Kafr Yasif ein steinbygd landsby omgjeve av olivenlundar og dyrkbart land, som fekk vatn frå cisternene. Folkesetnaden bestod av 300 kristne, som var gresk-ortodokse, og 50 drusarar.[12]

Det britiske mandatet

endre

Den 1. desember 1925 vart Kafr Yasif ein av få arabiske landsbyar i Galilea som fekk lokal kommunestatus under Det britiske mandatet. Yani Kustandi Yani tente som borgarmeister frå 1933 til 1948.[14]

I april 1938, under arabararopprøret i Palestina, planta ei gruppe palestinsk arabiske opprørarar ei mine på vegen nær Kafr Yasif som råka eit britisk militærkjøretøy og ni soldatar mista livet. Den britiske hæren sette Kafr Yasif i brann som hemn, men vart fortalt av innbyggjarane at det var innbyggjarane i Kuwaykat som var dei ansvarlege for angrepet. Åtte, hovudsakleg sivile, menn vart sidan drepne i Kuwaykat.[15]

14–17. februar 1939 brende den britiske hæren ned 68-72 hovudsakleg muslimske hus (og nokre få kristne og drusar-hus som svar på eit anna mineåtak på britiske soldatar som køyrde ein nybygd tryggleiksveg, og ein soldat mista livet, medan to andre vart skadde. Då somme av innbyggjarane i Kuwaykat kom for å sjå øydelegginga i Kafr Yasif, vart ni av mennene deira skotne og drepne då dei nærma seg landsbyen.[15] Det vart sidan oppdaga at skyttarane ikkje var frå Kafr Yasif. Som kompensasjon vart byen bygd opp att med ein skule og eit rådhus som framleis er i bruk.[3][16] I følgje the Anglican Chaplain, «For folket i Kafr Yasif var det svært viktig å påpeike at soldatane som øydela husa deira ikkje var engelske, men irske.»[16]

Israelsk tid

endre

8–14. juli 1948, under den arabisk-israelske krigen i 1948, var Kafr Yasif okkupert av Karmelbrigaden og den 7. panserbrigaden i Israel som det første leddet i Operasjon Dekel.[17] I motsetnad til mange erobra arabisk byar, flykta ikkje det meste av folkesetnaden, og kring 700 innbyggjarar frå nærliggande landsbyar, særleg al-Birwa, al-Manshiyya og Kuwaykat, søkte tilflukt der. Den 28. februar 1949 vart dei fleste innbyggjarane plasserte på lastebilar og køyrde til frontlinjene, der dei vart tvungne til å krysse grensa til Libanon.»[18][19] 1. mars vart ytterlegare 250 flyktningar deporterte.[20] Knesset-medlemmet Tawfik Toubi prosterte kraftig på desse utkastingane.[21]

Kafr Yasif er ein av få arabiske byar i Galilea som fekk behalde det meste av landområdet dei hadde før 1948.[22] Av 673 hektar eigd i 1945, var 458 hektar att i 1962, då 76 hektar vart ekspropriert i 1952–3.[23] Den 5. juni 1951 vart den lokal kommunen reaktivert av dei israelske styresmaktene som det einaste dømet på ein arabisk, lokal kommune som framleis eksisterte etter 1948.[14]

Folkesetnaden vart verande i unntakstilstand fram til 1966.

Kafr Yasif var åstad for den første, større valdelege hendinga mellom kristne og drusarar i Israel den 11. april 1981. Samanstøyten byrja under ein fotballkamp mellom tilhengjarar av det lokale laget i byen og laget til den nærliggande drusarlandsbyen Julis, der ein ung mann frå Julis vart knivstukken i hel av ein kristen mann frå Kafr Yasif. Sjølv om ein sette i gang samtalar så snart som råd for å hindre ytterlegare vald, nekta den lokale kommunen Kafr Yasif å gje ut namnet på den påståtte drapsmannen. Hundrevis av drusar-ungdommar frå Julis gjekk så inn i Kafr Yasif, og borgarmeisteren kalla inn støtte frå det regionale israelske politiet, noko som vart avslått. Den 13. april plasserte kring 60 væpna politifolk seg i felten mellom dei to landsbyane, og medan ein sulha (tradisjonell arabisk fredsavtale) vart forhandla,[24][25] storma ei gruppe tungt væpna Julis-innbyggjarar byen, brende ned 85 hus, 17 butikkar, nokre verkstader og 31 bilar. Ei kyrkje vart òg øydelagd.[24] Mot slutten av åtaket vart tre innbyggjarar Kafr Yasif skotne og drepne, og fleire vart skadde. Politiet blanda seg ikkje inn, og somme politioffiserar meinte dei ikkje var godt nok væpna. Ingen av angriparane, som i følgje vitne omfatta drusar-soldatar på perm frå den israelske hæren, vart arresterte.[26] Det meste av kompensasjonen for skadane kom frå den muslimske waqf i Israel og ein mindre del frå World Council of Churches.[27]

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. Palmer, 1881, s. 44
  2. Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population Israelsk statistisk sentralbyrå. s. 2.
  3. 3,0 3,1 Kafr Yasif (Israel) Municipality Flags and Descriptions.
  4. Dauphin, 1988, s. 638-9
  5. Ellenblum, 2003, s. 149.
  6. Dan Barag (1979). «A new source concerning the ultimate borders of the Det latinske kongedømet of Jerusalem». Israel Exploration Journal 29: 197–217. 
  7. Lewis, 1952, s. 17
  8. Hutteroth and AbdulFattah, 1977, s. 191.
  9. Barnal, s. 156.
  10. Smith, 1841, s. 132.
  11. Guérin, 1880, s. 4
  12. 12,0 12,1 Conder and Kitchener, 1881, s. 146-147
  13. Conder and Kitchener, 1881, s. 169
  14. 14,0 14,1 Ahmad Sa'di, Control and resistance at local-level institutions: A study of Kafr Yassif's lokal kommune under the military government, Arabic Studies Quarterly, Vol. 23, 2001, s. 31–47
  15. 15,0 15,1 Sverigeberg, 1999, s. 107-109.
  16. 16,0 16,1 M. Hughes, The banality of brutality: British armed forces and the repression of arabarane Revolt in Palestina, 1936–39, English Historical Review, Vol. CXXIV No. 507 (2009) s. 313–354
  17. Morris, 2004, s. 416
  18. Freeman, Charles. Evacuation of Refugees from Kafr Yasif. 1949-03-25.
  19. Jiryis, 1968, s. 57
  20. Morris, 2004, s. 515
  21. Masalha and Said, 2005, s. 27
  22. Fallah, Ghazi. Arabs versus Jews in Galilee: Competition for regional resources[daud lenkje].
  23. S. Jiryis, The land question i Israel, MERIP Reports, No. 47 (May, 1976) s. 5–20, 24–26
  24. 24,0 24,1 McGahern, 2011, s. 162.
  25. Mansour, s. 275.
  26. McGahern, 2011, s. 163.
  27. McGahern, 2011, s. 164.

Bakgrunnsstoff

endre