Amalie Hansen

norsk lærar

Ida Charlotte Amalie Hansen (12. februar 184315. mars 1915) var ein norsk reformpedagog, kvinnesaksforkjempar og friluftspioner frå Bergen.[1][2] Ho blei lærar i matematikk ved Frk. Hanna Aarestrups Pigeskole i 1860, og underviste sidan også ved Madam Meyers Pigeskole. I 1885 tok ho over Aarestrups skole og blei styrar for Frk. Amalie Hansens Pigeskole i Bankgaten 8. Ho tok i 1885 initiativ til etableringa av Bergens Kvinnesaksforening, der ho var leiar i perioden 1887–1907; broren hennar Gerhard Henrik Armauer Hansen var også blant stiftarane.[3] Ho blei utnemnd til æresmedlem av Norsk Kvinnesaksforening på nasjonalt nivå i 1913.[4]

Amalie Hansen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. februar 1843
Død

15. mars 1915 (72 år)

Yrke lærar
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening

Kjelder

endre