Gerhard Armauer Hansen
(Omdirigert frå Gerhard Henrik Armauer Hansen)
Gerhard Henrik Armauer Hansen (29. juli 1841–12. februar 1912) var ein norsk lege og patolog. Han forska på sjukdomen lepra, som òg er kjend som spedalskheit. Leprabasillen observerte Armauer Hansen for fyrste gong i mikroskop den 28. februar 1873. Sjukdomen vert framleis kalla Hansen's Disease i mange land.
Gerhard Armauer Hansen | |||
| |||
Fødd | 29. juli 1841 Bergen | ||
---|---|---|---|
Død | 12. februar 1912 Florø | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | lepra | ||
Yrke | lege, patolog, biolog | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo Bergen Katedralskole | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Norsk Kvinnesaksforening |
Armauer Hansen vart fødd i Bergen i 1841 og studerte medisin ved Det Kongelige Fredriks Universitet (no Universitetet i Oslo) til 1866. Han jobba i korte periodar ved nasjonalsjukehuset i Kristiania og i Lofoten, før han flytta attende til Bergen i 1868 for å jobba med lepra saman med Daniel Cornelius Danielssen. Han døydde i Florø i 1912.