Amantle Montsho (fødd 4. juli 1983) er ein friidrettutøvar frå Botswana som tevlar internasjonalt i 400-meterløp. Ho vann VM-gull på 400 meter med ny personleg rekord på 49,56 sekundar i Daegu i 2011. Det var den aller fyrste VM-medaljen vunnen av ein utøvar frå Botswana. To år seinare tok ho sølvmedaljen i same øvinga under VM i friidrett 2013 i Moskva, slått på målstreken av britiske Christine Ohuruogu, begge fekk tida 49,41. Tidlegare i 2013 hadde Montsho forbetra sin personbeste til 49,33 sekundar under eit stemne i Monaco.

Amantle Montsho


Statsborgarskap Botswana
Fødd 4. juli 1983 (40 år)
Maun
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Samveldeleikane 2018, Samveldeleikane 2010, Samveldeleikane 2006, Samveldeleikane 2014, Friidrett under Sommer-OL 2008 – 400 meter damer, Friidrett under Sommer-OL 2012 – 400 meter damer

Doping endre

Montsho testa postivt på metylheksanamin, eit stoff på dopinglista, under Samveldeleikane 2014 i Glasgow. Ho vart deretter utestengd frå idrett i to år.

Kjelder endre

  Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.