Ambjørg Sælthun
norsk politikar
Ambjørg Sælthun (27. juli 1922–2. januar 2012) var ein norsk bonde og senterpartipolitikar.[1]
Ambjørg Sælthun | |||
Fødd | 27. juli 1922 Ål | ||
---|---|---|---|
Død | 2. januar 2012 (89 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Alle verv |
|
Sælthun var medlem i talrike lag, som Norske Kvinners Nasjonalråd, og leiar i fleire av dei, som Sogn og Fjordane Bondekvinnelag, Senterkvinnene og Nordens lands kvinner.
Ho var stortingsrepresentant i tidsrommet 1973-1985, og varapresident i Stortinget i 1981 til 1982.[2]
Sæthun var opphavleg frå Ål i Hallingdal, men busette seg på Seltun i Lærdal. I tillegg til politikken var ho engasjert i målrørsla, mellom anna som styremedlem i Det Norske Samlaget og i det målpolitiske rådet til Det Norske Teatret.
Ambjørg Sælthun er mor til politikaren Lasse Sælthun og NRK-medarbeidaren Ragnhild Sælthun Fjørtoft.
Referansar
endre- ↑ «Ambjørg Sælthun er død». NRK Sogn og Fjordane. 5. januar 2012.
- ↑ «Sælthun, Ambjørg». stortinget.no. Henta 5. januar 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- «Ambjørg Sælthun» Arkivert 2013-10-29 ved Wayback Machine. i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
- «Ambjørg Sælthun». Stortinget.no.