Ragnhild Sælthun Fjørtoft
Ragnhild Sælthun Fjørtoft (fødd 9. juni 1947) er ein norsk fjernsynsmedarbeidar som er særleg kjend som kanalvert. Ho nyttar nynorsk i arbeidet sitt.
Ragnhild Sælthun Fjørtoft | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. juni 1947 (76 år) Lærdal |
Yrke | kanalvert |
Ektefelle | Arne Fjørtoft |
Biografi endre
Fjørtoft er frå Seltun i Lærdal. Ho kjem frå ein politikarfamilie; mor hennar Ambjørg Sælthun har vore aktiv bondesaks- og senterpartipolitikar, og var Stortingsrepresentant frå 1973 til 1985 . Bror hennar Lasse Sælthun har gått same politiske vegen, og er rådmann i Lærdal.
Ho fekk jobb i Norsk rikskringkasting i 1969, der ho har vore programmedarbeidar sidan. Ho har vore produsent, programleiar, kommentatorlesar, omsetjar og det dei fleste kjenner henne best som, kanalvert. Ho har fått fleire prisar for sin sikre nynorske språkbruk,og i 2006 fekk ho Gullrute-heidersprisen. Ho har vore leiar for språkutvalet i kringkastinga. Ho er òg leiar i laget Venner av Det Norske Teatret.
Fjørtoft interesserer seg mellom anna for poesi, og gav i 2002 ut ei samling av yndlingsdikta sine, med kommentarar. Boka heiter Under bergfall og kom ut på Det norske samlaget.
Fjørtoft har opp gjennom åra vore engasjert i utviklingshjelparbeid og har vore styremedlem i organisasjonar som UNICEF, Strømmestiftelsen, Forut og Antislaveriselskapet.
Eurovision endre
Eurovision Song Contest 1996 endre
Fjørtoft delte ut poenga frå Noreg i Eurovision Song Contest 1996 i Oslo i Noreg, men kom ut på scena under poengutdelinga i staden for å verte syna fram i ei rute ved sida av programleiar Ingvild Bryn.[1][2] Ho er dimed den fyrste og einaste poengutdelaren som har entra scena under tevlinga.[1][2]
Eurovision Song Contest 1997 endre
Òg under Eurovision Song Contest 1997 i Dublin i Irland fekk Fjørtoft dele ut poenga frå Noreg.[3]
Eurovision Song Contest 1998 endre
Under Eurovision Song Contest 1998 i Birmingham i Storbritannia delte Fjørtoft ut dei norske poenga for tredje år på rad.
Eurovision Song Contest 1999 endre
Fjørtoft delte ut dei norske poenga for fjerde og siste gong under Eurovision Song Contest 1999 i Jerusalem i Israel.[4]
Prisar og utmerkingar endre
- Kringkastingsprisen i 1994
- Storegutprisen i 2004
- Heidersprisen under utdelinga av Gullruten 2006.
Kjelder endre
- ↑ 1,0 1,1 «Eurovision Song Contest 1996» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 7. februar 2015.
- ↑ 2,0 2,1 «BBC - Eurovision 1996 final - full voting & winning Ireland». YouTube. 30. september 2014. Henta 7. februar 2015.
- ↑ «The Eurovision Song Contest (1997 TV Special) - Full Cast & Crew» (på engelsk). Internet Movie Database. Henta 8. februar 2015.
- ↑ «The Eurovision Song Contest (1999 TV Special) - Full Cast & Crew» (på engelsk). Internet Movie Database. Henta 8. februar 2015.