Ambulance Blues
Ambulance Blues Song av Neil Young frå albumet On the Beach | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 16. juli 1974 | |
Innspelt | 30. november 1973 til 7. april 1974 Arrow Ranch, Woodside i California; Sunset Sound Recorders i Hollywood | |
Sjanger | Folk | |
Lengd | 8:56 | |
Selskap | Reprise | |
Komponist | Neil Young | |
Tekstforfattar | Neil Young | |
Låtskrivar(ar) | Neil Young | |
---|---|---|
Produsent | Al Schmitt |
«Ambulance Blues» er ein song av Neil Young frå albumet On the Beach i 1974.
I guess I'll call it sickness gone
Han er ein episk visesong på nesten ni minuttar, mykje spelt av andre musikarar når dei skal hylle Young.[1] Ironisk nok hylla Young sjølv ein av sine favorittgitaristar, den engelske trubaduren Bert Jansch, som han lånte melodien frå (frå Jansch sin «Needle of Death»). Songen vert framført med berre akustisk gitar og ei lita fele, ein sparsam bass, trommer og munnspel. Det er vanskeleg å tolke songen med referansar til alt mogeleg: oppveksten i Toronto, krenkinga av landet og dei innfødde, løgnaktige politikarar og depresjon.[1]
You're all just pissin' in the wind
You don't know it but you are
Young har sjeldan spelt songen på konsert, men spelte den i 1998 på Bridge School Benefit akkompagnert av medlemmer i R.E.M.