Danny Whitten

amerikansk musikar og låtskrivar

Danny Ray Whitten (8. mai 194318. november 1972) var ein amerikansk musikar og låtskrivar best kjend for arbeidet sitt med Neil Young og Crazy Horse og for songen «I Don't Want To Talk About It», som vart ein hit for Rita Coolidge, Rod Stewart og Everything but the Girl.

Danny Whitten

Fødd8. mai 1943
FødestadColumbus i Georgia i USA
Død18. november 1972 (29 år)
DødsstadLos Angeles i California
FødenamnDaniel Ray Whitten
OpphavUSA
Aktiv1962–1972
SjangerHardrock, countryrock, bluesrock
InstrumentGitar, vokal
Tilknytte artistarDanny & The Memories, The Psyrcle, The Rockets, Crazy Horse, Neil Young
PlateselskapLiberty Records, Valiant Records, Lorna Records, ei avdeling av Autumn Records, White Whale, Reprise
Verka somMusikar, låtskrivar

Whitten møtte Billy Talbot og Ralph Molina blant andre i doo-wop-gruppa Danny and the Memories. Etter å ha spelt inn singelen «Can't Help Loving That Girl of Mine», flytta kjernemedlemmene i bandet til San Francisco der dei vart ei folk-psykedelisk rock band kalla The Psyrcle. Whitten spelte gitar, Molina trommer og Talbot spelte bass og piano.

I 1967 vart òg brørne George og Leon Whitsell med på gitar og vokal, samt fiolinist Bobby Notkoff. Denne sekstetten kalla seg The Rockets. Dei signerte på det sjølvstendige selskapet White Whale Records, og arbeidde med produsenten Barry Goldberg for debutalbumet i midten av 1968. Albumet selde dårleg og gruppa såg ut til å forsvinne i gløymsla. Eit møte på klubben Whisky A Go-Go skulle endre det.

Låtskrivaren Neil Young, som nettopp hadde forlate gruppa Buffalo Springfield og spelt inn det første soloalbumet sitt, starta å jamme med the Rockets og uttrykte seinare at han ønskte å gå i studio med Whitten, Molina og Talbot. Trioen samtykte så lenge dei fekk lov å halde fram med The Rockets. Young godtok dette, men gav dei ei øvingsplan som gjorde det umogeleg. Dei vart først kalla War Babies av Young, før dei tok namnet Crazy Horse.

Whitten spelte gitar og song på det andre albumet til Young, Everybody Knows This is Nowhere, som er tilskriven Neil Young with Crazy Horse. Sjølv om rolla hans var å akkompagnere, song Whitten opningssporet «Cinnamon Girl» side om side med Young, og på dei to episke songane «Down By the River» og «Cowgirl in the Sand» glei gitarane deira over i kvarandre. Desse songane skulle få innverknad på grunge-bølgja i 1990-åra og alle tre songane vart av dei mest kjende til Young.

Som så mange andre rockeartistar seint i 1960-åra, starta Whitten å misbruke heroin og vart raskt avhengig. Sjølv om han deltok i starten på det neste albumet til Young, After the Gold Rush, vart Whitten og resten av Crazy Horse kasta ut frå innspelinga, delvis på grunn av det tunge misbruket til Whitten. Young skreiv og spelte inn «The Needle and the Damage Done» på denne tida, og songen var ein direkte referanse til misbruket til Whitten og rolla det hadde i øydeleggje talentet hans.

Crazy Horse vart ein kvintett i 1970 og dei spelte inn det første albumet sitt, som kom ut tidleg i 1971. Albumet inneheldt fem songar av Whitten. Ein av desse, «(Come On Baby Let's Go) Downtown», hamna seinare på eit Young-album, medan den mest kjende songen hans «I Don't Want To Talk About It» var ein hjarteleg ballade som mange andre artistar har spelt inn.

Uheldigvis var livet til Whitten nesten øydelagd av narkotika. Han vart kasta ut av Crazy Horse av Talbot og Molina. I oktober same året fekk han ein telefon av Young, som ville ha han med på rytmegitar på den komande turneen etter Harvest-albumet. Whitten møtte opp på øvingane heime hos Young i San Francisco, men Whitten klarte ikkje å henge med og han vart sparka frå bandet. Han døydde 18. november 1972, same kveld som han kom attende til Los Angeles, av ein overdose av valium og vodka.

Neil Young fortel: «[Vi] øvde i lag med han og han klarte det berre ikkje. Han hugsa ingenting. Han var heilt ute av det. Heilt borte. Eg måtte be han om å reise attende til L.A. 'Det kjem ikkje til å skje. Du heng ikkje saman'. Han svarte berre, 'Eg har ingen stader å gå. Korleis skal eg fortelje det til venene mine?' og han drog. Den kvelden ringte likskodemannen meg og sa at han hadde teke ein overdose. Eg vart heilt sjokkert. Eg var glad i Danny. Eg følte eg var ansvarleg, og frå der måtte eg dra rett på denne svære turneen på store arenaer. Eg var særs nervøs og ... usikker.» Young fortalte seinare at han i lang tid følte seg ansvarleg for dødsfallet til Whitten. Dødsfallet hans kom fram i musikken til Young og ein kan seie at heile Ditch-triologien til Young er han som taklar dødsfallet til Whitten.

Diskografi endre

  • Surfin' Granny, 'A' Side. Mirror Mirror, 'B' Side. Danny and the Memories, Single, Liberty label 1963 (ikkje gjeven ut)
  • Can't Help Loving That Girl of Mine, 'A' Side. Don't Go, 'B' Side. Danny and the Memories, Single, Valiant label 1964
  • Baby Don't Do That, 'A' Side. 'B' Side, Ukjend. The Psyrcle, Single, Lorna label 1966 (ikkje gjeven ut)
  • The Rockets, The Rockets, Album, White Whale label, 1968
  • Hole In My Pocket, The Rockets, Single, White Whale label, 1968 (berre promo)
  • Everybody Knows This Is Nowhere, Neil Young og Crazy Horse, Album, Reprise label 1969
  • After the Gold Rush, Neil Young, Album, Reprise label 1970
  • Crazy Horse, Crazy Horse, Album, Reprise label 1971
  • Dirty Dirty 'A' Side, Beggar's Day 'B' Side, Crazy Horse, Single, Reprise label 1971
  • Downtown 'A' Side, Dance Dance Dance 'B' Side, Crazy Horse, Single, Reprise label 1971
  • Hole In My Pocket on Blast From My Past, Barry Goldberg, Album, Buddah label 1971
  • Tonight's the Night, Neil Young, album, Reprise 1975 (posthumt)
  • Gone Dead Train The Best Of 1971 - 1989 Crazy Horse, Album Reprise label 2005
  • Crazy Horse. The Complete Reprise Recordings 1971 - 1973, Crazy Horse, Album Reprise label 2005
  • Live at the Fillmore East Neil Young & Crazy Horse, Album, Reprise 2006 (innspelt 1970)

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre