Amblève
(Omdirigert frå Amel)
Amblève (fransk namn; på tysk Amel) er ei 76 km lang elv i austlege delar av Belgia i provinsen Liège, og ei av sideelvene til elva Ourthe frå høgre. Ho har utspringet sitt nær Büllingen i Hautes Fagnes, nær grensa til Tyskland. Ho har mellom anna sideelvene Warche og Salm. Amblève renn gjennom landsbyane Amel, Stavelot, Trois-Ponts, Remouchamps og Aywaille. Ved Coo, nær Trois-Ponts, er det eit velkjent fossefall. Amblève munnar ut i elva Ourthe i Comblain-au-Pont.
Amblève | |||
elv | |||
Aywaille: brua over Amblève
| |||
Land | Belgia | ||
---|---|---|---|
Sideelvar | Warche og Salm | ||
Lengd | 76 km | ||
Kjelde | Nær Büllingen | ||
Munning | Ourthe | ||
Amblève 50°21′09″N 6°12′21″E / 50.352444°N 6.205859°E | |||
Wikimedia Commons: Amblève |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Amblève (river)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. februar 2007.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Amblève