Amel Tuka (fødd 9. januar 1991) er ein bosnisk mellomdistanseløpar frå Kakanj som spesialiserte seg på 800-meteren. Han vann bronsemedaljen på distansen i VM 2015 og sølvmedaljen i VM 2019.

Amel Tuka


Statsborgarskap Bosnia-Hercegovina
Fødd 9. januar 1991 (33 år)
Kakanj
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommar-OL 2016, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 800 meter menn

Aktiv endre

Tuka forbetra sin eigen landsrekord til 1.46,12 då han vart sjettemann på 800 m i europameisterskapen 2014 i Zürich. I 2015-sesongen forbetra han rekorden fleire gongar, sist då han 17. juli vann 800 meter ved Herculis-stemnet i Monaco på den glitrande tida 1.42,51, årsbeste i verda. Ved verdsmeisterskapen i Beijing kneip han bronsemedaljen etter 1.46,30, verdsrekordhaldaren David Rudisha sigra føre polske Adam Kszczot.

OL-sesongen 2016 vart Tuka fjerdemann i europameisterskapen i Amsterdam. I dei olympiske leikane sprang han på 1.45,24 i semifinalen, seks tidels sekund for sakte til å nå finalen. I 2019 vart han klokka inn på 1.43,62 då han vart tredjemann på 800-meteren i Herculis-stemnet. Ved verdsmeisterskapen i Doha i slutten av september same året storma han i mål på 1.43,47 og vann sølvmedaljen, slått med over eit sekund av Donavan Brazier frå USA.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre