Adam Kszczot

Adam Kszczot (fødd 2. september 1989) er ein polsk mellomdistanseløpar frå Opoczno. Han er trifaldig europameister på spesialdistansen 800 meter i tida 2014-18 og tok VM-sølv på same distansen både i 2015 og 2017, samt EM-bronse 2010. Frå innandørsmeisterskapane har han fått med seg to EM-gull, VM-sølv og VM-bronse.

Adam Kszczot
380 fin 800m kszcot (33308166746).jpg
Fødd 2. september 1989 (33 år)
Opoczno
Yrke mellomdistanseløpar, friidrettsutøvar, løpar
Adam Kszczot på Commons

AktivEndra

Kszczot vann 800 meter under U23-EM 2009 med tida 1.45,81. Same sesongen vart han polsk meister på 800 meter, og deltok i verdsmeisterskapen i Berlin, utan å nå finalen. I 2010 deltok han i innandørs-VM 2010 i Doha, der vart nummer tre med tida 1.46,69. Også ved EM i friidrett 2010 i Barcelona fem månader seinare kom han på bronseplassen på 800 m.

I mars 2011 sprang Kszczot inn til siger på 800 m ved innandørs-EM 2011 i Paris, med landsmannen Marcin Lewandowski på plassen bak. Ein ny triumf kunne han bokføre då han ved U23-EM i Ostrava i juli månad vann på tida 1.46,71. Vel ein månad seinare vart han nummer seks på 800 meter då VM 2011 vart avvikla i Doha. Mindre enn to veker etter VM sette han personleg rekord med 1.43,30 i italienske Rieti. Året etter vart han slått ut i semifinalane under Sommar-OL i London.

Kszczot forsvarte i 2013 EM-tittelen på 800 m innandørs, ein prestasjon ingen hadde gjort på 42 år. I 2014 var han suveren på 800 meter under europameisterskapen i Zürich, der Artur Kuciapski syrgde for polsk dobbeltsiger. I VM-finalen 2015 viste spurtsterke Kszczot sin fremste styrke då han passerte fleire løparar på oppløpssida og tok sølvet, bak verdsrekordhaldaren David Rudisha. Sommaren 2016 vann Kszczot 800 m ved friidretts-EM i Amsterdam, som i innandørs-EM 2011 kom landsmannen Lewandowski inn til sølvmedalje.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra