David Lekuta Rudisha (fødd 17. desember 1988) er ein kenyansk friidrettsutøvar som har spesialisert seg på 800 meter. Han er både verdsmeister og olympisk meister på distansen.

David Rudisha

David Rudisha under friidretts-VM 2011
Foto: Erik van Leeuwen
Statsborgarskap Kenya
Fødd 17. desember 1988 (36 år)
Kilgoris
Idrett friidrett
Tok del i Friidrett under Sommer-OL 2012 – 800 meter herrer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 800 meter menn, athletics at the 2014 Commonwealth Games – men's 800 metres, VM i friidrett 2015 – 800 meter herrer

Aktiv

endre

Rudisha vart afrikansk meister på 800 meter både i 2008 og 2010. Den 22. august 2010 sprang han på eit toppstemne i Berlin inn til ny verdsrekord på distansen med tida 1.41,09, og sletta dermed den 13 år gamle rekorden til kenyansk-danske Wilson Kipketer. Ei veke seinare forbetra han rekorden til 1.41,01 i italienske Rieti.

I 2011 vann Rudisha VM-gull i Daegu framom sudanesaren Abubaker Kaki og russiske Jurij Borsakovskij, vinnartid 1,43,91. Året etter stod han for ein fantastisk prestasjon då han leia 800-meteren under Sommar-OL i London frå så å seie start til mål. Med vinnartida 1.40,91 forbetra han verdsrekorden for tredje gong.

Rudisha er den fyrste av masai-stammen som har vunne OL-gull. Far hans, Daniel Rudisha, vann OL-sølv med Kenya sitt lag på 4 x 400 meter stafett under Sommar-OL 1968 i Mexico-byen.

Kjelder

endre