For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Amen (fleirtyding).

Amen (hebraisk אָמֵן, āmēn), arabisk gammalgresk ἀμήν‎, amên; arabisk آمین‎, āmīn(a); arameisk/klassisk gammalsyrisk ܐܡܝܢ‎, 'amīn)[1] ) er ein liturgisk sluttformel som tyder 'det står fast'.

Ordet vert bruka til å avslutte bøner, som i Salmane 41,14: «Lova vere Herren, Israels Gud, frå æve til æve! Amen, amen.»[2] Ordet kan stå uomsett i Bibelen, eller det kan vere omsett med 'sanneleg', som når Jesus innleier ei utsegn med eitt eller to amen: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike.»[3]

Innanfor kristen liturgi vert ordet bruka til å avslutte Fadervår og når kyrkjelyden skal slutte seg til ei bøn eller velsigning.

I eit folkeleg munnhell heiter det «sikkert som amen i kyrkja» om ting vi kan kjenne oss sikre på at vil inntreffe.

Referansar endre

  1. Payne Smith, Robert (1879). Thesaurus Syriacus. Oxford: The Calerndon Press. s. 118. 
  2. Sal. 41,14
  3. Joh. 3,3