Ami'ad (hebraisk skrift עַמִּיעַד) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg nær Safed, og høyrer til Øvre Galilea regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 432.[1]

Ami'ad
Ammi'ad
landsby
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Kommune Øvre Galilea
Koordinatar 32°55′41.69″N 35°32′26.52″E / 32.9282472°N 35.5407000°E / 32.9282472; 35.5407000
Folketal 432  (2011)[1]
Grunnlagd 1946
 •  Grunnlagd av Palmach
Tilhøyrsle Kibbutz-rørsla
Kart
Ami'ad
32°55′42″N 35°32′27″E / 32.928247222222°N 35.5407°E / 32.928247222222; 35.5407
Wikimedia Commons: Ami'ad

Historie

endre

Grunnleggjarane var ein gar'in av 28 ungdomar som opphavleg kom frå ungdomslandsbyen Ben Shemen (redda frå Europa før grensene vart stengde) og ei gruppe ungdomar frå Kibbutz Hulda.[2] Den opphavlege planen var å førebu utposten som ein framtidig busetnad for demobiliserte soldatar frå Den jødiske brigaden til den britiske hæren, men i staden valde dei å busetje seg i utposten sjølv.[2]

Gruppa kom frå Hanoar Haoved-rørsla [3] og den første som danna ei eining i Palmach.[2]

Dei slo seg først ned på ein ås kring to kilometer sør for dagens Ami'ad, og kalla busetnaden sin Jubb Yosef etter nærliggande ruinar. Dei flytta seinare til den noverande staden, og kalla kibbutzen HaHoshlim, før dei tok det noverande namnet.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Locality File». Israel Central Bureau of Statistics. 2011. Arkivert frå originalen (XLS) 23. september 2013. Henta 8. mars 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 http://www.amiad.org.il/Media/Doc/a%20short%20history%20of%20Amiad.pdf Arkivert 2014-08-07 ved Wayback Machine. A short history of Amiad
  3. Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 191. 

Bakgrunnsstoff

endre