Opna hovudmenyen

Ben Shemen (hebraisk skrift בֶּן שֶׁמֶן, tyder Feit) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg kring fire kilometer aust for Lod og høyrer til Hevel Modi'in regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 627.

Ben Shemen
בֶּן שֶׁמֶן
landsby
Ben Shemen.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Sentral
Kommune Hevel Modi'in
Koordinatar 31°57′14.4″N 34°55′29.64″E
Grunnlagd 1905 (original)
1952 (ny-grunnlagd)
Tilhøyrsle Moshavimrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Moshav Ben Shemen

Moshaven vart opphavleg grunnlagd i 1905, og var eina v dei første landsbyane som vart grunnlagd på landområda til Jewish National Fund.[1] I 1947 hadde han 75 innbyggjarar. [1] Namnet kjem frå Jesaja 5:1;

Eg vil syngja om min kjære ven, ein song om min ven og vingarden hans. Ein vingard hadde min kjære ven, med den feitaste jord.[2]

og syner til planen om å plante oliventre i området.[1]

I 1923 vart moshaven delt i to og ei gruppe prøvebønder danna etter kvart ein eigen moshav, Kerem Ben Shemen. Moshaven vart grunnlagd på ny i 1952 av immigrantar frå Romania. Somme av husa i moshaven vart bygde av grunnleggjaren av Bezalel akademi for kunst og design, Boris Schatz.

Under andre verdskrigen var Ben Shemen åstad for brutale britar som leitar etter våpen. Liknande sør var eit vanleg svar frå britane til valdelege Yishuv-opprør Kviteboka frå 1939.[3]

Landsbyen fekk store skadar i starten av den israelsk-arabiske krigen i 1948 og måtte byggast opp att.[1]

Den første skogen til Jewish National Fund vart planta i Ben Shemen.[1]

Ben Shemen ungdomslandsby, stundom kalla Ben Shemen barnelandsby, [1][4] vart grunnlagd i 1927 og er i dag ein stor jordbrukskostskule, som ligg like ved moshaven.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 16. 
  2. Jesaja kapittel 5 biblen.no
  3. Anita, Shapira (1992). Land and Power, The sionist Resort to Force. Chapter 7: Oxford University Press. s. 288. 
  4. Chaya H. Roth (16. september 2008). The fate of Holocaust memories: transmission and family dialogues. Macmillan. s. 83–. ISBN 978-0-230-60607-4. Henta 10. april 2011.