Amioun (arabisk أميون, Amyūn) er det administrative senteret i den hovudsakleg gresk-ortodokse Koura distrikt nord i Libanon.

Amioun
أميون
by
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Guvernement Nord guvernement
Distrikt Koura distrikt
Koordinatar 34°18′0″N 35°48′0″E
Areal 1 137 km²
Folketal 10 658 (2010) [1]
Folketettleik 9 / km²
Grunnlagd ca. 4 000 fvt. av fønikarane
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961

Amioun
34°17′58″ N 35°48′35″ E
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Amioun
Nettstad: http://www.amioun.org

EtymologiEndra

Namnet Amioun kjem frå arameisk og tyder staden til grekarane. Amioun ligg på toppen av ein gammal ås, og vart kalla «Amia» i antikken.[2] Amia er nemnt i Amarnabreva sende på 1300-talet fvt.

GeografiEndra

Amioun ligg i hjartet av Nord-Libanon og er det administrative senteret i Koura distrikt. Amioun ligg 330 meter over havet, og kring 78 km nord-nordaust for Beirut. Han ligg kring 42 km frå Guds seder-skogen og 18 km frå Tripoli, senteret i Nord guvernement.

Han ligg mellom sjøen og fjella og ei rekkje åsar som strekkjer seg frå aust til vest. Amioun er kjend for oliventre og olivenolje.

HistorieEndra

Amioun er ein særs gammal busetnad med ei historie som går attende til eldre steinalder. Dette vert støtta av fleire små grotter bygd inn i klippene i byen. Ein meiner at det semittiske folket busette seg her kring år 4000 fvt.

Amion har spor frå antikken, mellomalderen og meir moderne tid. Somme av byggverka i byen kan sporast tilbake til heidenske religionar. Då kristendomen kom til området vart dei heidenske templa i Amioun omgjort til kyrkjer.

KjelderEndra