Amarnabreva er ei samling leirtavler frå Det nye riket i Egypt. Dei blei funne ved Amarna i Egypt i 1887. Breva er skrivne med kileskrift, hovudsakleg på akkadisk, og inneheld den diplomatiske brevvekslinga mellom dei egyptiske faraoane Amenhotep III og Akhnaton på den eine sida og vasallkongane deira i Palestina og Syria i tillegg til med andre storkongar i Midtausten. Samlinga inneheld 382 forskjellige brev som er blitt datert til to tiår på midten av 1300-talet f.Kr.

Brev frå Aziru, leiar av Amurru, som hevdar si sak til farao. EA 161.

Amarnabreva er ei særs viktig historisk kjelde til den politiske situasjonen i Palestina og Syria i samtida. Dei viser også korleis diplomatisk kontakte mellom ulike statar føregjekk, og korleis egyptarane administrerte vasallstatane sine.

Amarnabreva blei første gong omsett og fortolka av den norske assyriologen J.A. Knudtzon i 1907-15, til tysk. William L. Moran utgav ei komplett omsetjing på fransk i 1987 og på engelsk i 1992.

I dag er brevsamlinga spreidd til fleire steder i verda. Dei fleste er på Vorderasiatisches Museum i Berlin og på British Museum i London.

Bakgrunnsstoff endre

  • Moran, William L.: The Amarna Letters, Baltimore: Johns Hopkins University Press, 1992. ISBN 0-8018-4251-4

Kjelder endre

«Amarna» i Store norske leksikon, snl.no.