Ami'oz

(Omdirigert frå Amioz)

Ami'oz (hebraisk skrift עַמִּיעוֹז) er ein moshav sør i Israel. Han ligg i Hevel Eshkol-området nordvest i Negevørkenen nær grensa til Gazastripa og høyrer til Eshkol regionale kommune. I 2011 hadde han 185 innbyggjarar.[1]

Ami'oz
עַמִּיעוֹז, Ammi'oz
landsby
Land  Israel
Region Nordvest-Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Eshkol
Koordinatar 31°14′54.24″N 34°24′51.12″E
Folketal 185  (2011)[1]
Grunnlagd 1956
 - Grunnlagd av egyptiske og rumenske immigrantar
Tilhøyrsle Moshavrørsla
Kart
Ami'oz
31°14′54″ N 34°24′51″ E

Moshaven vart først grunnlagd i 1956 av immigrantar frå Egypt og Romania. Namnet syner til styrken (hebraisk skrift עוז, Oz) som IDF-soldatar synte under Suezkrisa.[2]

Moshaven vart ikkje noko suksess, og alle utanom fire familiar flytta. Tidleg i 1960-åra kom Vizhnitz-jødar til staden for å prøve og finne ein heim der, men òg dei gav opp og flytta. Samfunnet har vore permanent busett sidan 1962 då ei gruppe immigrantar frå Marokko slo seg ned på staden med hjelp frå Jewish Agency.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Locality File». Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Arkivert frå originalen (XLS) 23. september 2013. Henta 9. oktober 2014. 
  2. 2,0 2,1 Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval Elʻazari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 426. ISBN 965-7184-34-7.  (he)

Bakgrunnsstoff endre