Opna hovudmenyen
Ammodramus


Dakotasporv, Ammodramus bairdii Foto: Rick Bohn
Dakotasporv, Ammodramus bairdii
Foto: Rick Bohn
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Passerellidae
Slekt: Ammodramus
Vitskapleg namn
Ammodramus
Swainson, 1827

Ammodramus er ei biologisk slekt av mellomstore sporvefuglar i amerikasporvfamilien, Passerellidae. Dei har utbreiing over store delar av Amerika. Det finst ulike handsamingar av taksonomien til artane i og rundt denne slekta, det som er skildra her er etter eBird/Clements Checklist v2017.[1] HBW Alive, til dømes, har spreidd desse artane på fleire slekter.

SkildringEndra

Ammodramus-sporvane har ei kroppslengd på rundt 13 centimeter. Fjørdrakta er hovudsakleg i grått og brunt med streka overside, mange fjørdrakter til artane i denne slekta kan minne om sporvar som hekksporv eller piplerker i Europa. Dei fleste artane lever i Mexico, USA, og Canada der dei nordlegaste populasjonane trekker til Mexico og eller sørlege USA om vinteren. Grashoppesporv overvintrar òg i Karibia. Campossporv og gulmaskesporv er vidt utbreidd i Sør-Amerika.

ArtslistaEndra

Ammodramus i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

  • Grashoppesporv, Ammodramus savannarum, Grasshopper Sparrow, Gmelin, 1789, (LC)
  • Campossporv, Ammodramus humeralis, Grassland Sparrow, Bosc, 1792, (LC)
  • Gulmaskesporv, Ammodramus aurifrons, Yellow-browed Sparrow, Spix, 1825, (LC)
  • Dakotasporv, Ammodramus bairdii, Baird's Sparrow, Audubon, 1844, (LC)
  • Brakksporv, Ammodramus henslowii, Henslow's Sparrow, Audubon, 1829, (NT)
  • Gråøyresporv, Ammodramus leconteii, LeConte's Sparrow, Audubon, 1843, (LC)
  • Nålhalesporv, Ammodramus nelsoni, Nelson's Sparrow, Allen, 1875, (LC)
  • Spisshalesporv, Ammodramus caudacutus, Saltmarsh Sparrow, Gmelin, 1788, (VU)
  • Marsksporv, Ammodramus maritimus, Seaside Sparrow, Wilson, 1811, (LC)

KjelderEndra

Referansar
  1. 1,0 1,1 Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ammodramus