Amerikasporvfamilien

familie av sporvefuglar

Amerikasporvfamilien, Passerellidae, er ein familie av sporvefuglar som samlar kjerrsporvar, junkoar, toviar, tanagarsporvar og andre fuglar med sporveliknande utsjånad i «den nye verda» .

Amerikasporvfamilien
Revesporv Passerella iliaca Foto: Wikipedia-brukar Mdf
Revesporv Passerella iliaca
Foto: Wikipedia-brukar Mdf
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Amerikasporvfamilien Passerellidae
Cabanis, 1851

Over lang tid var desse artane lista i busksporvfamilien, Emberizidae, men dei blir no rekna som ein uavhengig familie på grunnlag av fylogenetiske skilnader. Men dei taksonomiske tilhøva innanfor familien er langt frå klåre, det er illustrert av usemje om talet på artar. Etter eBird/Clements Checklist v2017[1] består familien av 28 biologiske slekter med 130 artar. HBW Alive, derimot legg til 15 artar og listar tilsaman 145 artar.

Amerikasporvar er vanlege over heile Amerika inkludert Karibia. Rustkragesporv er eit døme på ein art som er svært vanleg og synleg nær menneske i store delar av Latin-Amerika.

Skildring

endre

Amerikasporvane er små fuglar, typisk rundt 15 cm i lengd, med finkeliknande, kjegleforma nebb og ni synlege handsvingfjører (primærfjører). Somme slekter i familien har artar med utsjånad som busksporvar i Europa med fjørdrakter i brunt og grått og med streka overside. Døme på slike slekter er Peucaea i Mexico, samt Ammodramus og Spizella i Nord-Amerika. Men andre slekter, særleg i den neotropiske regionen, har ustreka fjørdrakter i fleire andre farger. Kjerrsporvane i slektene Atlapetes og Arremon er representantar for fuglar utan streka fjørdrakter. På sørlege breiddegrader, der dei lever i tett underskog, er artane mindre stipla. Dei har større olivenfarga, raudaktige, svarte og gråare område. Vengene er avrunda. Halen er kort til middels lang, kroppen kompakt og det koniske nebbet er vanlegvis kort. Hovudet er middels til stort, halsen kort til middels lang. Beina er sentrerte med middels lange føter. Kjønna ser generelt like ut.

Melozone-artane har dei største sporvane i familien, med opptil 24 cm for den største, kaliforniatovi. Ein av dei minste artane er spisshalesporv i austlegaste USA på 11,5 til 13 cm.

Amerikasporvar lever i ulike habitat, inkludert myr, tundra, tropisk lågland og fjell, våtmarker, grassletter, krattskog og savannar. Dei fleste er standfuglar eller flyttar seg lite, men dei nordlegaste populasjonane i Nord-Amerika trekker typisk til Mexico eller sørlege USA. Dei sørlegaste populasjonane av rustkragesporv trekker nordover i den australske vinteren.

Dietten til amerikasporvar i dei tempererte sonene er ei rekkje virvellause dyr, frukt og frø. Sistnemnde dominerer matinntaket spesielt utanfor hekkesesongen. Tilhøvet mellom plante- og animalsk føde varierer frå art til art. Det finst lite data om preferansane til dei tropiske artane, men dei skil seg neppe mykje frå artar i tempererte område.

Taksonomi

endre

Akkurat som for fleire andre familiar i Passeriformes, er klassifiseringa i amerikasporvfamilien i endring. Mange slekter i Sør-Amerika og Sentral-Amerika viser seg å vere tettare knyttet til ulike «klader» tanagarar,[2][3][4] og slekta Chlorospingus, tidlegare i tanagarfamilien er no flytta inn her i amerikasporvfamilien. Ei kjelde frå 1978 [5] inkluderer artar i amerikasporvfamilien som i dag er skilt ut som tanagarar og kardinalar. Den gong var talet på artar rekna å vere mellom 500 og 600, i dag er det ca. 130 artar i amerikasporvfamilien etter at slekta Emberiza i Eurasia og Afrika vart splitta ut. Andre nære slektningar er familiane parulaer, Parulidae og trupialar, Icteridae.[6]

Artar

endre

Amerikasporvfamilien i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[7]

Slekt Oreothraupis
  • Tanagarsporv, Oreothraupis arremonops, Tanager Finch, Sclater, 1855, (VU)
Slekt Chlorospingus
9 artar som lever i Sentral-Amerika og sørover langs foten av Andes til Argentina. Fjørdrakter i avdempa grønt, gult og grått.
Slekt Rhynchospiza
  • Tumbessporv, Rhynchospiza stolzmanni, Tumbes Sparrow, Taczanowski, 1877, (LC)
  • Stripekronesporv, Rhynchospiza strigiceps, Stripe-capped Sparrow, Gould, 1839, (LC)
Slekt Peucaea
8 artar med utbreiing konsentrert om Mexico fjørdrakter i grått og brunt med streka overside
Slekt Ammodramus
9 artar med utbreiing over store delar av Amerika. Fjørdrakta er hovudsakleg i grått og brunt med streka overside.
Slekt Arremonops
  • Olivensporv, Arremonops rufivirgatus, Olive Sparrow, Lawrence, 1851, (LC)
  • Grønryggsporv, Arremonops chloronotus, Green-backed Sparrow, Salvin, 1861, (LC)
  • Akselerandosporv, Arremonops conirostris, Black-striped Sparrow, Bonaparte, 1850, (LC)
  • Tocuyosporv, Arremonops tocuyensis, Tocuyo Sparrow, Todd, 1912, (LC)
Slekt Spizelloides
  • Bjørkesporv, Spizelloides arborea, American Tree Sparrow, Wilson, 1810, (LC)
Slekt Spizella
  • Brunissesporv, Spizella passerina, Chipping Sparrow, Bechstein, 1798, (LC)
  • Grånakkesporv, Spizella pallida, Clay-colored Sparrow, Swainson, 1832, (LC)
  • Svarthakesporv, Spizella atrogularis, Black-chinned Sparrow, Cabanis, 1851, (LC)
  • Marksporv, Spizella pusilla, Field Sparrow, Wilson, 1810, (LC)
  • Shoshonesporv, Spizella breweri, Brewer's Sparrow, Cassin, 1856, (LC)
  • Einersporv, Spizella wortheni, Worthen's Sparrow, Ridgway, 1884, (EN)
Slekt Amphispiza
  • Svartstrupesporv, Amphispiza bilineata, Black-throated Sparrow, Cassin, 1850, (LC)
  • Sonorasporv, Amphispiza quinquestriata, Five-striped Sparrow, Sclater & Salvin, 1868, (LC)
Slekt Chondestes
  • Lerkesporv, Chondestes grammacus, Lark Sparrow, Say, 1823, (LC)
Slekt Calamospiza
  • Svartsporv, Calamospiza melanocorys, Lark Bunting, Stejneger, 1885, (LC)
Slekt Arremon
19 artar av nokså einsarta kraftig bygde kjerrsporvar som lever i utkanten av våt, alpin skog eller ved foten av høgare fjellområde i neotropane.
Slekt Passerella
  • Revesporv, Passerella iliaca, Fox Sparrow, Merrem, 1786, (LC)
Slekt Junco
Junkoar er fem artar sporvefuglar med utbreiing frå Alaska i nord og sørover til norvestlegaste Panama.
Slekt Zonotrichia
  • Rustkragesporv, Zonotrichia capensis, Rufous-collared Sparrow, Müller, 1776, (LC)
  • Kvitkronesporv, Zonotrichia leucophrys, White-crowned Sparrow, Forster, 1772, (LC)
  • Gulkronesporv, Zonotrichia atricapilla, Golden-crowned Sparrow, Gmelin, 1789, (LC)
  • Gransporv, Zonotrichia querula, Harris's Sparrow, Nuttall, 1840, (LC)
  • Kvitstrupesporv, Zonotrichia albicollis, White-throated Sparrow, Gmelin, 1789, (LC)
Slekt Artemisiospiza
Slekt Oriturus
  • Azteksporv, Oriturus superciliosus, Striped Sparrow, Swainson, 1838, (LC)
Slekt Pooecetes
  • Vespersporv, Pooecetes gramineus, Vesper Sparrow, Gmelin, 1789, (LC)
Slekt Passerculus
  • Musesporv, Passerculus sandwichensis, Savannah Sparrow, Gmelin, 1789, (LC)
Slekt Xenospiza
Slekt Melospiza
  • Songsporv, Melospiza melodia, Song Sparrow, Wilson, 1810, (LC)
  • Gråbrynsporv, Melospiza lincolnii, Lincoln's Sparrow, Audubon, 1834, (LC)
  • Sumpsporv, Melospiza georgiana, Swamp Sparrow, Latham, 1790, (LC)
Slekt Pezopetes
  • Storfotsporv, Pezopetes capitalis, Large-footed Finch, Cabanis, 1861, (LC)
Slekt Torreornis
  • Zapatasporv, Torreornis inexpectata, Zapata Sparrow, Barbour & Peters, 1927, (EN)
Slekt Melozone
8 artar av dei største medlemmene i familien, utbreiing konsentrert om Mexico, og dels inn i sørvestre USA og dels sørover i Sentral-Amerika, fjørdrakten grått til brunleg utan strekar
Slekt Aimophila
  • Indianarsporv, Aimophila rufescens, Rusty Sparrow, Swainson, 1827, (LC)
  • Rustkronesporv, Aimophila ruficeps, Rufous-crowned Sparrow, Cassin, 1852, (LC)
  • Oaxacasporv, Aimophila notosticta, Oaxaca Sparrow, Sclater & Salvin, 1868, (LC)
Slekt Pipilo
  • Grøntovi, Pipilo chlorurus, Green-tailed Towhee, Audubon, 1839, (LC)
  • Flekktovi, Pipilo maculatus, Spotted Towhee, Swainson, 1827, (LC)
  • Raudsidetovi, Pipilo erythrophthalmus, Eastern Towhee, Linné, 1758, (LC)
  • Beltetovi, Pipilo ocai, Collared Towhee, Lawrence, 1867, (LC)
Slekt Pselliophorus
  • Gulbuksesporv, Pselliophorus tibialis, Yellow-thighed Finch, Lawrence, 1864, (LC)
  • Sitronbuksesporv, Pselliophorus luteoviridis, Yellow-green Finch, Griscom, 1924, (VU)
Slekt Atlapetes
28 artar kjerrsporvar som lever i nokså høgtliggande område i neotropane, inkludert Andes frå Argentina i sør til Mexico i nord.

Kjelder

endre
  • Delar av artikkelen er omsett frå tysk wikipediaartikkel Neuweltammern Kjeldene inkluderte:
  • Ferdinand Heine & Jean Cabanis: Museum Heineanum. Verzeichnis der ornithologischen Sammlung des Oberamtmann Ferdinand Heine, auf Gut St. Burchard vor Halberstadt. – Mit kritischen Anmerkungen und Beschreibung der neuen Arten, systematisch bearbeitet von Dr. Jean Cabanis, erstem Kustos der Königlichen zoologischen Sammlung zu Berlin. 1. Theil, die Singvögel enthaltend, Halberstadt, 1850–1851, S. 131–153
Referansar
  1. 1,0 1,1 Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 
  2. Burns, K. J., S. J. Hackett, and N. K. Klein, 2002. Phylogenetic relationships and morphological diversity in Darwin's finches and their relatives. Evolution 56 (6). 1240-1252.
  3. Lougheed, S.C., J.R. Freeland, P. Handford & P.T. Boag. 2000. A molecular phylogeny of warbling-finches (Poospiza): paraphyly in a Neotropical emberizid genus. Mol. Phylogenet. Evol. 17: 367-378.
  4. Burns, K. J., S. J. Hackett, and N. K. Klein. 2003. Phylogenetic relationships of Neotropical honeycreepers and the evolution of feeding morphology. J. Avian Biology 34: 360-370.
  5. Cameron & Harrison Bird Families of the World, Harry N. Abrams Inc, New York (1978)
  6. University of Michigan Museum of Zoology: Skildring av Passerellidae[daud lenkje]
  7. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Amerikasporvfamilien