Amund B. Larsen
Amund Bredesen Larsen (fødd i Grue 15. desember 1849, død 27. april 1928 i Bærum) var ein norsk filolog, dialektgranskar og statsstipendiat.
Amund B. Larsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. desember 1849 |
Død | |
Yrke | lingvist, filolog |
Han kom frå ein storgard, og hadde privatlærarar inntil han tok artium ved Heltbergs studentfabrikk i 1866. Han veksla mellom studie og arbeid som huslærar inntil han i 1878 vart cand.philol. Han var lærar i Trondheim og Arendal, tok doktorgrad i 1895 på ei avhandling om Lydlæren i den solørske dialekt, og tapte i 1899 tvikampen om eit nytt professorat i landsmål til Marius Hægstad. Til gjengjeld vart Larsen utnemnd til statsstipendiat i 1901 for å ganske norske bygdemål. Med boka Oversigt over de norske bygdemaal frå 1901 skreiv han det første samanfattande oversiktsverket om norske dialektar.
Han gav i 1909 ut Utredning av spørsmaalet om et mulig samarbeide mellem landsmaal og riksmaal i retskrivningen saman med Hans Eitrem og Steinar Schjøtt.
Litteratur
endre- Oplysninger om dialekter i Selbu og Gauldalen (1882)
- Oversigt over de trondhjemske dialekters slægtskabsforhold (1886)
- Lydlæren i den solørske dialekt (doktorgradsavhandling 1894)
- Oversigt over de norske bygdemaal (1901, nytt opplag 1948)
- Kristiania bymål (1907)
- Bergens bymaal (1911–1912, saman med G. Stoltz)
- Stavanger bymål (1925, saman med M. Berntsen)
- Sognemålene (1926)
- Skrifter, i utval ved Magne Myhren. Universitetsforlaget, 1976
- Om han
- Festskrift til Amund B. Larsen på hans 75-års fødselsdag. 1924.
- Geirr Wiggen. «Amund B. Larsen som sosiolingvist» I: Peilepunkter. Festskrift til Thor Ola Engens 50-årsdag 11. januar 1995. (red. av Kulbrandstad og Øygarden). 1995.
- R. Iversen. «Minneord» I: Vitenskaps-Akademiets årbok, 1929.
- Kjell Venås. «Amund B. Larsen» I: Norsk biografisk leksikon, 2. utg.