Amund Nordal Gismervik (fødd 24. januar 1991) er ein norsk stupar frå Sola. Gismervik representerer Pingvin Stupeklubb.

Amund Gismervik
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. januar 1991 (33 år)
Stavanger kommune
Idrett stuping
Tok del i

Sommar-OL 2012

Karriere endre

Amund Gismervik deltok i sitt aller fyrste VM i stuping i 2011, i Shanghai. Her vart han nummer ti på 1 meter sviktstup. Same året deltok han også i EM i stuping i Torino.

Dei siste to åra har Gismervik gått frå øvinga sviktstup og over til tårnstup for å sikta seg inn på ein mogleg OL-plass. I mai 2012 deltok han i EM i stuping i Eindhoven, der han vart nummer 12 på 10 meter. Gismervik vart teken ut til å representera Noreg under sommar-OL 2012 i London. Gismervik er den fyrste stuparen som representerer Noreg sidan Christian Styren i Sommar-OL 1992.[1]

Kjelder endre