Amund Maarud
Amund Maarud (fødd 7. april 1981) er ein prisløna norsk blues- og rockemusikar, kjend frå banda The Grand og Morudes og som soloartist. Maarud er både vokalist og gitarist.[1]
Amund Maarud | |||
| |||
Fødd | 7. april 1981 (43 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Nes kommune | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 1987– | ||
Sjanger | blues | ||
Instrument | gitar, vokal | ||
Verka som | songar, musikar, komponist, gitarist, plateartist | ||
Prisar | Spellemannprisen i blues |
Biografi
endreMaarudKara
endreAmund Maarud vaks opp i Skogbygda i Nes kommune i Akershus. Allereie som seksåring starta han sitt fyrste band, MaarudKara med veslebroren Henrik Maarud på trommer. I 1992 kom også naboguten Simen Aanerud med på piano. I 1993 spelte MaarudKara inn ein kassett som fekk tittelen Burnin' Blues og inneheldt coverlåtar. Året etter spelte dei inn Lost in the Blues, der Aanerud også hadde komponert ein eigen låt. Same året deltok dei på Eidsvoll Blues Festival. I 1994 og 1995 deltok dei også i Ungdommens Kulturmønstring og kom til fylkesfinalen i Akershus. Gruppa mottok Nes kommune sin heiderspris i 1994 og kulturstipendet frå kommunen i 1996.
I 1997 deltok MaarudKara i NRK-programmet Talentiaden, men kom på andreplass. Dei heldt likevel fram, og spelte på Notodden Blues Festival same sommaren. Dei fekk platekontrakt med Tylden & Co og gav ut plata First Blues i 1999. Etter dette gav gruppa seg, og Amund Maarud starta no som soloartist, med Amund Maarud Band. Han har spelt mykje med dei to andre bandmedlemmene frå MaarudKara seinare.
Solokarriere
endreI 2003 gav han ut bluesplata Ripped, Stripped and Southern Fried under sitt eige namn.[2] Plata fekk gode kritikkar, selde over 6000 eksemplar[3] og vart nominert til Spellemannprisen 2003 i kategorien Blues/Country. Året etter gav Maarud ut Commotion.[4] Ein av låtane på plata, «I Always Want (What I Can't Have)» hadde jazzmusikaren Tord Gustavsen med på piano.[3] Plata fekk likevel ikkje så gode kritikkar som fyrsteplata til Maarud.[5]
The Grand og Morudes
endreI 2006 starta Maarud rockegruppa The Grand. Gruppa hadde same medlemmene som dei han hadde spelt med tidlegare, nemleg Henrik Maarud (trommer), Per Tobro (bass) og Eirik Tovsrod Knutsen (hammondorgel, slagverk). Platedebuten deira, som fekk tittelen The Grand kom ut i 2007, og gruppa spelte på ymse festivalar både i Noreg og i utlandet. Gruppa er ikkje aktiv i dag. I 2010 gjekk brørne Maarud saman og danna duoen Morudes, men har enno ikkje gjeve ut noko under dette namnet. Amund Maarud debuterte òg som skodespelar dette året, med ei mindre rolle i filmen Kommandør Treholt og Ninjatroppen.[6]
Meir solo
endreI 2011 tok Amund Maarud til som solobluesartist igjen, og laga plata Electric der han blanda inn element og effektar frå rock og latinomusikk. Plata, som vart lovprist av fleire anmeldarar[7][8] og vann Spellemannprisen 2011 i kategorien for blues.
Albumliste
endreKjelder
endre«Amund_Maarud» i Store norske leksikon, snl.no., henta inn 4. april 2012.
Fotnotar
endre- ↑ Offisiell nettstad
- ↑ Ripped, Stripped and Southern Fried på Rockipedia[daud lenkje]
- ↑ 3,0 3,1 Biografi om Maarud skriven av Rune Johansen på NRK.no
- ↑ Commotion hjå Platekompaniet
- ↑ Platemelding av Commotion i Puls av Arild Rønsen, 13.05.04.
- ↑ Amund Maarud på Filmfront.no
- ↑ Platemelding av Electric i Puls, 14.09.11.
- ↑ Platemelding av Øyvind Rønning i Dagbladet, 02.08.11