Amundsen Bay, og kjend som Ice Bay, er ei 26,5 km brei bukt like vest for Tula Mountains i Enderby Land i Antarktis. Bukta vart sett som ei isfylt senking i kystlinja av sir Douglas Mawson den 14. januar 1930. Ho vart observert igjen av kaptein Hjalmar Riiser-Larsen som leia ein norsk ekspedisjon under ein flytur den 15. januar og kartlagd nærare den rette posisjonen av nordmennene. Bukta vart kartlagd i detalj under Australian National Antarctic Research Expeditions i 1956 og igjen frå «Thala Dan» i februar 1958. Ho vart namngjeven av Mawson etter Roald Amundsen, som var første mann til Sørpolen.

Amundsen Bay
bukt
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Koordinatar 66°55′S 50°0′E
Administrert under Antarktistraktaten
Amundsen Bay is located in Antarktis
Amundsen Bay (Antarktis)

KjelderEndra