Enderby Land
Enderby Land er ein framskytande landmasse i Antarktis, som strekkjer seg frå Carnebreen ved kring 67°55′S 44°38′E / 67.917°S 44.633°E til William Scoresby Bay ved 67°24′S 59°34′E / 67.400°S 59.567°E. Området vart oppdaga i februar 1831 av John Biscoe i kvalfangstbriggen «Tula» og kalla opp etter Enderby-brørne frå London, eigarane av «Tula», som oppfordra kapteinane sine til å kombinere utforsking og selfangst.[1]
Området er ein del av Australsk Antarktis og her finn ein mellom anna Amundsen Bay, Casey Bay, Scott Mountains, Tula Mountains og Napier Mountains. Det høgaste fjellet i Enderby Land er Mount Elkins på 2300 moh.
Sjå òg endre
Kjelder endre
- ↑ «Enderby Land». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 1. mars 2012.
Bakgrunnsstoff endre
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Enderby Land» (innhald frå Geographic Names Information System).