Amy Lowell

amerikansk poet

Amy Lawrence Lowell (9. februar 187412. mai 1925) var ein amerikansk poet som høyrde til imagismen. Ho vann Pulitzer-prisen for poesi posthumt i 1926.

Amy Lowell

Statsborgarskap USA
Fødd 9. februar 1874
Brookline
Død

12. mai 1925 (51 år)
Brookline

Yrke lyrikar, skribent, sosietetsperson
Far Augustus Lowell
Mor Katherine Bigelow Lawrence
Amy Lowell på Commons
 
Lowell som barn.

Amy Lowell blei fødd i Boston i Massachusetts i 1874 som dotter av Augustus Lowell og Katherine Bigelow Lowell. Ho var del av den såkalla Boston Brahmin-familien Lowell, syskena hennar inkluderte astronomen Percival Lowell, pedagogen og juristen Abbott Lawrence Lowell og Elizabeth Lowell Putnam, ein tidleg aktivist for helsestell i svangerskapet. Dei var oldebarna til John Lowell og på morsida barnebarna til Abbott Lawrence.[1][2]

Skulen var ein vanskeleg stad for Amy Lowell. Ho meinte sjølv ho utvikla «maskuline» og «stygge» karaktertrekk, og ho var ein sosialt utestengd. Ho hadde rykte blant klassekameratane for å vera frittalande og meiningssterk.[3] Då ho var femten ville ho bli fotograf, diktar og vognkappkøyrar.[4]

 
Lowell som ungjente.

Lowell gjekk ikkje på college, ettersom familien hennar ikkje såg det som passande for ei jente. Ho kompenserte for mangelen på vidare utdanning med ivrig lesing og nesten besett boksamling. Ho levde som sosietetskvinne og reiste mykje. I 1902, då ho var 28 år, byrja ho skriva poesi etter å ha blitt inspirert av ei framføring av Eleonora Duse i Europa. Etter å ha byrja karrieren som diktar i 30-åra, blei Lowell ein entusiastisk student og utøvar av kunsten.[5]

Lowell var lesbisk, og i 1912 møtte ho skodespelaren Ada Dwyer Russell, som ho skulle bli kjæraste med. Russell er eit tema i mange av dei meir erotiske verka til Lowell, særleg kjærleiksdikta som er del av Two Speak Together, ein del av Pictures of the Floating World.[6] Dei to kvinnene reiste saman til England, der Lowell møtte Ezra Pund, som straks blei ein stor innverknad og kritikar av verka hennar. Pound såg på Lowell si omfamning av imagismen som ei slags overtaking av rørsla. Lowell har vore knytt romantisk til forfattaren Mercedes de Acosta, men det einaste beviset på nokon kontakt mellom dei er ein kortvarig korrespondanse om ein planlagd minnesmerke for Duse.

Lowell døydde av hjernebløding i 1925, 51 år gammal. Ho er gravlagd ved Mount Auburn Cemetery.[7] Året etter fekk ho Pulitzer-prisen for poesi for What's O'Clock. Samlinga inkluderte det patriotiske diktet «Lilacs», som diktaren og kritikaren Louis Untermeyer sa var diktet av ho han likte best.

Det fyrste publiserte verket hennar blei gjeve ut i Atlantic Monthly i 1910. Den fyrste diktsamlinga hennar, A Dome of Many-Colored Glass, kom ut to år seinare, i 1912. Ei tilleggsgruppe av uutgjevne dikt blei lagt til i boka The Complete Poetical Works of Amy Lowell, som kom ut i 1955 med eit forord av Untermeyer, som rekna seg som ein ven.

 
Framside med Lowell frå Times frå 2. mars 1925.

Sjølv om ho av og til skreiv sonetter, var Lowell ein tidleg utøvar av frie vers-metoden for poesi og ein av dei største støttespelarane for denne metoden. Ho definerte metoden i forordet til «Sword Blades and Poppy Seed» i North American Review i januar 1917, i det siste kapittelet i Tendencies in Modern American Poetry og i The Dial (17. januar 1918), slik:

The definition of vers libre is: a verse-formal based upon cadence. To understand vers libre, one must abandon all desire to find in it the even rhythm of metrical feet. One must allow the lines to flow as they will when read aloud by an intelligent reader. Or, to put it another way, unrhymed cadence is "built upon 'organic rhythm,' or the rhythm of the speaking voice with its necessity for breathing, rather than upon a strict metrical system. Free verse within its own law of cadence has no absolute rules; it would not be 'free' if it had.»[8]

Gjennom heile yrkeslivet sitt var Lowell ein forkjempar for både samtidige og tidlegare diktarar. Boka hennar Fir-Flower Tablets var ei poetisk omarbeiding av bokstavelege omsetningar av gamle kinesiske dikt, særleg av Li Tai-po (Li Bai, 701-762). Verket hennar omfattar òg kritiske verk om fransk litteratur. Då ho døydde, prøvde ho å fullføra ein biografi i to band om John Keats.[9]

Lowell publiserte ikkje berre sine eigne verk, men òg dei av andre skribentar. Ifølgje Untermeyer «tok ho over» imagist-rørsla frå Ezra Pund. Pound truga med å saksøkja henne for å ha gjeve ut serien Some Imagist Poetsi tre band, og etter det kalla han dei amerikanske imagistane «Amygist»-rørsla. Pound kritiserte henne som ikkje ein imagist, men berre ei rik kvinne som kunne bistå utgjeving av imagistpoesi økonomisk. Ho sa sjølv at imagisme hadde ei svak stilling før ho tok opp rørsla, medan andre sa at rørsla blei svak etter at Pound forlet henne for vorticisme.

Tilhøvet til Ada Dwyer Russell

endre
 
Ada Dwyer Russell var tema for mange av dei romantiske dikta til Lowell.

Partneren til Lowell, Ada Dwyer Russell, var tema for mange av dei romantiske dikta til Lowell. Lowell ville dedikera bøkene sine til Russell, men tillet vanlegvis ikkje dette, og gav berre løyve ein gong til Lowell sin biografi om John Keats, der Lowell skreiv: «To A.D.R., This, and all my books. A.L.»[10] Nokre døme på kjærleiksdikta til Russell er «the Taxien, Absence, A Lady»,[11]:xxi «In a Garden, Madonna of the Evening Flowers»,[12] «Opal»[13] og «Aubade».[14][15][16] Lowell medgav til John Livingston Lowes at Russell var temaet for ein serie romantiske dikt med tittelen «Two Speak Together».[17][18] Lowell sine dikt om Russell er blitt kalla den mest eksplisitte og elegante lesbiske kjærleikspoesien i tida mellom Sappho i oldtida og diktarar på 1970-talet.[14] Det meste av den private korrespondansen i form av romantiske brev mellom paret blei øydelagd av Russell etter ønske frå Lowell, slik at lite er kjent om detaljane i livet deira saman.[11]:47

Ettermæle

endre
 
Grava til Amy Lowell ved Mount Auburn Cemetery i Cambridge i Massachusetts.

I åra etter den fyrste verdskrigen var Lowell stort sett gløymd, men kvinnerørsla på 1970-talet og dei nye kvinnestudiane førte henne tilbake til lyset. Ifølgje Heywood Broun hadde Lowell synte lita politisk interesse for feminisme. Når det gjald litteratur snakka ho likevel varmt om moderne kvinnelege diktar som Edna St. Vincent Millay.[19] Ho fekk òg inspirasjon frå kvinnene som hadde gått før henne i poesi; diktet «The Sisters» tek for seg tankane hennar om Sapfo, Elizabeth Barrett Browning og Emily Dickinson.

Andre kjelder til interesse for Lowell i dag kjem frå krigsmotstanden i diktet «Patterns», som ofte blir nytta i undervising; personleggjering av gjenstandar, som i «The Green Bowl» og «The Red Lacquer Music Stand»; og lesbiske tema, som kjærleiksdikta til Ada Dwyer Russell i «Two Speak Together».

Lowell sin korrespondanse med venninna Florence Ayscough, ein skribent og omsetjar av kinesisk litteratur, blei samla og publisert av mannen til Ayscouugh, professor Harley Farnsworth MacNair, i 1945.[20]

Verk i utval

endre
  • A Dome of Many-Coloured Glass. Houghton Mifflin, Boston 1912.[21]
  • Sword Blades and Poppy Seed. Macmillan, New York 1914.
  • Six French Poets. Macmillan, New York 1915.
  • French Poets. Studies in Contemporary Literature. Macmillan, New York 1916.
  • Men, Women, and Ghosts. Macmillan, New York 1917.
  • Sword Blades and Poppy Seed. Macmillan, New York 1917.
  • Tendencies in Modern American Poetry. Houghton Mifflin, Boston 1917.
  • Can Grandes Castle. Macmillan Company, New York 1918.
  • Legends. Houghton Mifflin, Boston 1921.
  • A Critical Fable. Houghton Mifflin, Boston 1924.
  • John Keats. Biografi i 2 band. Houghton Mifflin, Boston 1925.
  • What's O'Clock. Jonathan Cape, London 1925.
  • A Some Of Many Colored Glass. Houghton Mifflin, Boston 1926.
  • East Wind. Houghton Mifflin, Boston 1926.
  • Ballads for Sale. Houghton Mifflin, Boston 1927.

Kjelder

endre
  1. Lowell, Delmar R. (1899). The Historic Genealogy of the Lowells of America from 1639 to 1899. Rutland, Vermont: Tuttle Publishing. s. 283 – via Google Books. 
  2. Chosön, the Land of the Morning Calm; a Sketch of Korea. Ticknor and Company. 1888. Henta April 30, 2013 – via Google Books. 
  3. Gregory, Horace (1958). Amy Lowell: Portrait of the Poet in her Own Time. Freeport, New York: Books for Libraries Press – via Google Books. 
  4. Bradshaw, Melissa (Spring 2000). «Outselling the Modernisms of Men: Amy Lowell and the Art of Self-Commodification». Victorian Poetry (West Virginia University Press) 38 (1): 142. doi:10.1353/vp.2000.0002. 
  5. «Amy Lowell». Henta March 10, 2021. 
  6. Castle, Terry (13 December 2005). The Literature of Lesbianism: A Historical Anthology from Ariosto to Stonewall. Columbia University Press. s. 649. ISBN 0231125119. 
  7. Wilson, Scott (2016). Resting Places: The Burial Sites of More Than 14,000 Famous Persons (3rd utg.). McFarland & Company. s. 2. ISBN 978-0-7864-7992-4 – via Google Books. 
  8. Livingston Lowes, John (1928). Conventions and Revolt in Poetry. Houghton Mifflin. s. 257 – via Google Books. 
  9. Amy Lowell (1925). John Keats 2. Houghton Mifflin. s. 152 – via Internet Archive. 
  10. Bradshaw, Melissa; Munich, Adrienne (2004). Amy Lowell, American Modern. New Brunswick, New Jersey: Rutgers University Press. s. 62. ISBN 0813533562 – via Google Books. 
  11. 11,0 11,1 Rollyson, Carl (2013). Amy Lowell Anew: A Biography. Rowman & Littlefield. ISBN 978-1442223929 – via Google Books.  Preface reprinted at the author's website.
  12. Hamer, Diane (December 30, 2013). «The Love Songs of Amy Lowell». The Gay & Lesbian Review Worldwide 21 (1): 48. 
  13. Faderman, Lillian. «About Amy Lowell's Poetry». University of Illinois. 
  14. 14,0 14,1 Karami, Siham (July–August 2016). «In the Manner of Amy Lowell» (PDF). The Gay & Lesbian Review Worldwide 23 (4): 39. 
  15. Castle, Terry (2005). The Literature of Lesbianism: A Historical Anthology from Ariosto to Stonewall. Columbia University Press. s. 649. ISBN 0231125119 – via Google Books. 
  16. Bradshaw, Melissa; Munich, Adrienne (2004). Amy Lowell, American Modern. New Brunswick, New Jersey: Rutgers University Press. s. 62. ISBN 0813533562 – via Google Books. 
  17. Faderman, Lillian. «Amy Lowell (1874–1925)». Georgetown University. 
  18. Hamer, Diane Ellen (July 1, 2004). «Amy Lowell wasn't writing about flowers». The Gay & Lesbian Review Worldwide 11 (4) – via Gale. 
  19. Sonja Samberger (2005). Artistic Outlaws. Berlin: LIT Verlag. s. 43–44. ISBN 978-3-8258-8616-5. 
  20. Farnsworth MacNair, Harley, red. (1946). Florence Ayscough and Amy Lowell: Correspondence of a Friendship. University of Chicago Press – via Google Books. 
  21. Als E-Book på Project Gutenberg.