Ana Dulce Félix
Ana Dulce Ferreira Félix (fødd 23. oktober 1982) er ein portugisisk langdistanseløpar frå Guimarães som i 2012 vart europameister på 10 000 meter og i 2016 vann EM-sølv på same distansen.
Ana Dulce Félix | |
Statsborgarskap | Portugal |
Fødd | 23. oktober 1982 (42 år) Guimarães |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016 |
Utmerkingar | kommandør av Fortjenstordenen |
Aktiv
endreFélix sigra i milløpet under europameisterskapen 2012 i Helsinki framom favoritten Joanne Pavey. Fire år seinare sette Félix personleg rekord på 10 000 meter med 31.19,0 då ho sprang inn til sølvmedalje i EM 2016 i Amsterdam, fire sekund føre bronsemedaljør Karoline Grøvdal.
Félix har elles utmerkt seg meir som terrengløpar enn baneløpar. Perioden 2010-13 sikra ho seg to individuelle VM-sølv og to individuelle VM-bronsar. Åra 2008, 2009 og 2010 vann Portugal og Félix gull i lagtevlinga i terrengløps-VM.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- VM 2009 i Berlin: Nr 13 på 10 000 m – 31.30,9
- EM 2010 i Barcelona: Nr 9 på 10 000 m – 33.12,9
- VM 2011 i Daegu: Nr 8 på 10 000 m – 31.37,0
- EM 2012 i Helsinki: Gullmedalje på 10 000 m – 31.44,7, framom Joanne Pavey (31.49,0)
- VM 2013 i Moskva: Nr 13 på 10 000 m – 32.36,7
- EM 2014 i Zürich: Nr 12 på 10 000 m – 32.35,9
- VM 2015 i Beijing: Nr 19 på 10 000 m – 32.26,0
- EM 2016 i Amsterdam: Sølvmedalje på10 000 m – 31.19,0, bakom Yasemin Can (31.12,8)
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 16 i maraton – 2.30.39
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ana Dulce Félix» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juli 2020.