Anadyr

by i Russland


Anadyr (russisk Анадырь) er ein by i Russland, ved Beringhavet og hovudstad i det autonome området Tsjukotka. Han har om lag 12 000 innbyggjarar (2008).

Anadyr
Анадырь
Horisonten til
Horisonten til
Flagget til Anadyr Byåpenet til Anadyr
Flagget til Anadyr Byvåpenet til Anadyr


Plassering
Anadyr is located in Russland
Anadyr is located in Tsjukotka
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Tsjukotka
Grunnlagd
Bystatus
1889
1965
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

11 819
Koordinatar 64°44′N 177°31′E / 64.733°N 177.517°E / 64.733; 177.517
Tidssone
- Ved sommartid
PETT (UTC+12)
PETST (UTC+12)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) 42722

Byen ligg ved Anadyrbukta, som er del av Beringhavet, ved utløpet av elvane Anadyr og Velikaja. Anadyr ligg i arktiske strok og er den austlegaste byen i Russland. Den lågaste temperaturen som har vore målt dei siste hundre åra i byen er -51,1 °C.

Hamna i Anadyr

Anadyr vart grunnlagt 3. august 1889 som Novo-Mariinsk. I 1923 vart namnet endra til Anadyr. Anadyr fekk bystatus i 1965.

Anadyr har hamn, elvehamn og flyplass.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Anadyr