Anastasija Kapatsjinskaja

Anastasija Aleksandrovna Kapatsjinskaja (fødd 20. november 1979) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Moskva. Ho vart verdsmeister på 200 m i 2003 og vann EM-gull i 2011 med Russland sitt lag i 4 x 400 m stafett. I tillegg fekk ho med seg to individuelle bronsemedaljar og fire stafettmedaljar frå ulike verdsmeisterskap og europameistrskap i friidrett. Frå 2004 til -06 var Kapatsjinskaja utestengd frå tevlingar for bruk av dopingmidlar.

Anastasija Kapatsjinskaja


Statsborgarskap Russland
Fødd 20. november 1979 (44 år)
Moskva
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstordens medalje av 1. klasse, Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse

Aktiv endre

Kapatsjinskaja deltok i VM i friidrett 2001 i Edmonton, der ho nådde semifinalane på 400 m, men så vann ein bronsemedalje med Russland sitt lag på 4 x 400 meter stafett. Året etter vart ho nummer fem på 400 meter i friidretts-EM 2002 i München og tok ein sølvmedalje med stafettlaget i 4 x 400 m stafett.

Under VM i friidrett 2003 i Paris/Saint-Denis vann ho sølvmedaljar både på 200 meter og med stafettlaget i 4 x 400 m. 200-meteren på 22,38 sekundar var hennar snøggaste i karrieren. Då den opphavlege vinnaren av 200 m, Kelli White frå USA, seinare vart avslørt for dopingbruk, vart Kapatsjinskaja erklært for verdsmeister på 200-meteren. Våren etter sprang ho inn til siger på 200 m då innandørs-VM 2004 fann stad i Budapest, men vart diskvalifisert etter å ha testa positivt på stanozolol og utestengd i to år.

I 2008 vart Kapatsjinskaja nummer fem på 400 m under sommarleikane i Beijing. To år seinare tok ho fyrst bronsemedaljen på same distansen i EM i friidrett 2010 i Barcelona, før ho så sprang startetappen på Russlands suverene europameistrar i 4 x 400 m stafett, dei andre på vinnarlaget var Antonina Krivosjapka, Ksenija Ustalova og Tatjana Firova. Ein månad før verdsmeisterskapen 2011 sette Kapatsjinskaja personleg rekord på spesialdistansen 400 m med 49,35 sekundar i Tsjeboksary. Under VM i Daegu sikra ho seg to nye internasjonale bronsemedaljar, fyrst på 400 m og så då ho sprang ankeretappen for Russland på den lange stafetten.

Kjelder endre