Anatolsk rock

tyrkisk musikksjanger

Anatolsk rock (tyrkisk Anadolu rock) er ei blanding av tyrkisk folkemusikk og rock. Han dukka opp i midten av 1960-åra, kort tid etter rockegrupper som The Beatles, The Rolling Stones, Led Zeppelin, Yes, Status Quo og Omega vart populære i Tyrkia. Døme på denne stilen var tyrkiske musikarar som Cem Karaca, Barış Manço, Erkin Koray, Fikret Kızılok, Cahit Oben, Selçuk Alagöz, Edip Akbayram i tillegg til band som Moğollar, Silüetler, Kurtalan Ekspres, Grup Çığrışım, Grup Çağrışım, Mavi Işıklar, Apaşlar, Kaygısızlar, Haramiler, Modern Folk Üçlüsü og Kardaşlar.

Historie og utvikling

endre

Den tyrkiske rockerørsla trur ein starta i 1950-åra då The Shadows kom på banen og utvikla seg vidare tiåret etter med etter kvart som vestleg musikk vart stadig meir populært. Det tyrkiske samfunnet gjekk gjennom store kulturmessige endringar, mellom anna med ei demokratisering av regionen.[1] Dette var med på å utvikle og gjere anatolsk rock populært.

Frå kring 1968 til kring 1975 vart psykedelisk rock særs populært i Tyrkia, mellom anna med gitaristen Erkin Koray. Meir progressive band var òg populære, som Cem Karaca (Safinaz, 1978) og Moğollar (Düm-tek).

Tilknytte musikarar og band

endre

Etter kvart som andre rockesjangrar vart populære i Tyrkia, byrja òg den anatolske rocken å gå i forskjellige retningar. Det siste tiåret har ein fått tyrkiske band som Mor ve Ötesi, Gece Yolcuları, Almora, Kurban, Kargo, Duman, Vega, Çilekeş, Redd, Nemrud, Makine, Gripin og maNga, sistnemnde vart kåra til beste rockceband i ei lesarundersøking i 2005.[2] På grunn av at mange tyrkarar flytta til Tyskland, utvikla det seg òg fleire band i Tyskland med røter i tyrkisk musikk, som Ünlü (frå 1981) og The Trial (frå 1985).[3][4]

Det finst òg mange individuelle rockeartistar som har vore populære som AYNA, Haluk Levent, Şebnem Ferah, Gültekin KAAN, Barış Akarsu, Ogün Sanlısoy, Demir Demirkan, Hayko Cepkin, Aslı Gökyokuş, Nev, Aylin Aslım, Emre Aydın, Özlem Tekin og Teoman. Mot slutten av 1980-åra dukka fleire metal-grupper opp i Tyrkia som Mezarkabul (Pentagram), Diken, Volvox og Dr. Skull.

Kjelder

endre