Barış Manço
Mehmet Barış Manço (2. januar 1943–1. februar 1999), vart kjend som Barış Manço, òg skrive Baris Mancho på somme utgjevingar og fødd Tosun Yusuf Mehmet Barış Manço,[1] var ein tyrkisk rockeartist, låtskrivar og fjernsynsprodusent.[2] Han skreiv kring 200 songar, og somme har vorte omsette til andre språk, inkludert engelsk, fransk, japansk, gresk, italiensk, bulgarsk, rumensk, persisk, urdu og arabisk.[3] Han er framleis ein av dei mest populære artistane i Tyrkia.
Barış Manço | |||
Erkan Umut & Barış Manço i Teotihuacan i Mexico (1998) | |||
Fødd | 2. januar 1943 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Üsküdar i Istanbul i Tyrkia | ||
Død | 31. januar 1999 (56 år) | ||
Dødsstad | Kadıköy | ||
Opphav | Tyrkia | ||
Aktiv | 1958–1999 | ||
Sjanger | Anatolsk rock, folkrock, psykedelisk rock, poprock | ||
Instrument | Perkusjon, vokal | ||
Tilknytte artistar | Moğollar, Kafadarlar, Harmoniler, Les Mistigris, Kaygısızlar, Barış Manço Ve ..., Kurtalan Ekspres, George Hayes Orchestra | ||
Plateselskap | Sayan, Yavuz Plak, CBS Disques / Grammofoonplaten S.A.B.V., Türküola, Emre Plak | ||
Verka som | Songar/låtskrivar, musikar, komponist, TV-produsent | ||
Born | Doğukan Manço | ||
Prisar | State Artist, honorary citizen of Liège |
Biografi
endrePå vidaregåande skule starta han det første bandet sitt, Kafadarlar etter å ha sett bandet til Erkin Koray spele. Med det neste bandet sitt, Harmoniler i 1962-1963 spelte han coverversjonar av populære amerikanske twist-songar og omarrangerte tyrkiske folkesongar til rock and roll, noko som markerte starten på anatolsk rock, ei blanding av tyrkisk folkemusikk og rock. Han flytta etter skulen til Europa, hovudsakleg til Frankrike og Belgia, der han danna band med lokale musikarar og spelte inn nokre singlar, hovudsakleg på engelsk og fransk, men òg på tyrkisk. Han turnerte med bandet sitt Les Mistigris i Tyskland, Belgia, Frankrike og Tyrkia fram til 1967.
I 1967 vart han utsett for ei alvorleg bilulukke. Det var etter dette han bar barten han var kjend for, for å dekke over arret han fekk. Han var frustrert over å arbeidde med musikarar frå forskjekllige land og starta Kaygısızlar i lag med Mazhar Alanson og Fuat Güner, som seinare spelte i bandet MFÖ. Han spelte inn fleire singlar og turnerte med bandet, både heime og i utlandet, men etter kvart fann bandet ut at dei ikkje ønskte å bu utanlands.
I 1970 danna hans Barış Manço Ve ..., igjen med utanlandske musikarar, og spelte inn den første hitsingelen sin, både i Tyrkia og i Belgia, Dağlar Dağlar (Fjell, fjell!), som selde over 700 000 eksemplar. I dag er songen framleis ein av dei mest populære han har.
Etter suksessen med «Dağlar Dağlar» spelte Manço inn fleire singlar med Moğollar, eit anna viktig tyrkis-anatolsk rockeband. Han reiste så attende til Tyrkia og starta Kaygısızlar igjen. I 1971 vart dei tidlege innspelingane hans samla på det første albumet hans, Dünden Bugüne, i dag ofte kalla Dağlar Dağlar.
I 1972 starta han Kurtalan Ekspres, bandet som skulle følgje han til han døydde. I 1975 gav han ut det første studioalbumet, som ikkje bestod av tidlegare singlar, 2023, eit konseptalbum med mange instrumentale songar.
Som eit siste forsøk på å slå igjennom internasjonalt, gav han ut albumet Baris Mancho (1976), hovudsakleg med George Hayes Orchestra under CBS Records, i Europa og Sør-Afrika. Albumet selde ikkje så godt som han hadde håpa, men nådde toppen av listene i Romania og Marokko. Åre etter vart albumet gjeve ut i Tyrkia som Nick the Chopper.
Frå 1977 til 1980 gav han ut tre album til i Tyrkia, som delvis var samlingar av eldre singlar, nemleg Sakla Samanı Gelir Zamanı (1977), Yeni Bir Gün (1979) og 20. Sanat Yılı Disko Manço (1980), som alle hadde ein liknande stil som 2023. Desse albuma er i dag sjeldne, men dei fleste songane finst på seinare samleplater, som Ben Bilirim og Sarı Çizmeli Mehmet Ağa.
I 1981 gav Manço ut Sözüm Meclisten Dışarı med Kurtalan Ekspres, som inneheldt mange hitsongar, som «Alla Beni Pulla Beni», «Arkadaşım Eşşek», «Gülpembe», «Halhal» og «Dönence». Albumet vart eit av dei mest populære av Manço og var med på å gjere han populær i 1980-åra.
«Arkadaşım Eşşek» («Min ven eselet»), vart raskt populær blant barn, men var ikkje meint som ein barnesong. Gjennom karrieren sin skreiv han fleire songar primært for barn. «Gülpembe», skriven av bassisten i Kurtalan Ekspres, Ahmet Güvenç, var til minne om bestemora til Manço og trefte det eldre publikumet og er i dag ein av dei mest populære songane hans.
I 1983 kom Estağfurullah, Ne Haddimize ut med hitsongane «Halil İbrahim Sofrası» og «Kol Düğmeleri», ein ny versjon av den aller første songen han skreiv. I 1985 kom 24 Ayar Manço med «Gibi Gibi» og ein lang konseptsong, «Lahburger». Dette markerte òg ei endring i stilen til Manço med mykje bruk av synthesizerar og trommemaskinar, der han tidlegare hadde vore meir rockebasert. Dei neste åra gav Manço ut Değmesin Yağlı Boya (1986), Sahibinden İhtiyaçtan (1988) og Darısı Başınıza (1989), alle med hitsongar.
I 1988 byrja 7'den 77'ye (Frå 7 til 77 år), eit fjernsynsshow regissert og presentert av Manço å gå på TRT 1, den tyrkiske nasjonale TV-kanalen. Det var ein kombinasjon av musikk, talkshow og dokumentar som var særs populært dei åtte åra det gjekk på lufta. Manço reiste til nesten 150 land med showet sitt.
Sjølv om han framleis var populær i 1990-åra, hovudsakleg på grunn av TV-programmet, vart ikkje musikken hans like godt motteke. Albuma Mega Manço (1992) og Müsadenizle Çocuklar (1995) vart rekna som dei svakaste i karrieren hans, trass i avgrensa suksess med «Ayı», ein barnesong frå 1992. I 1995 turnerte han i Japan med Kurtalan Ekspres og gav ut Live In Japan (1996), det første og einaste konsertalbumet hans.
31. januar 1999 døydde Barış Manço brått av eit hjarteattakk, like før det siste albumet hans, Mançoloji kom ut. Dødsfallet hans førte til sjokk og stor sorg i heile Tyrkia og titusenvis møtte opp i gravferda hans.
Ettermæle
endreBarış Manço er ein av dei tyrkiske musikarane som har inspirert flest. Tidleg i karrieren hans medverka han og banda hans til tyrkisk rock ved å kombinere tradisjonell tyrkisk musikk med rock, noko som framleis er ein av hovudtrendane i tyrkisk popmusikk.
Imaget hans med langt hår, bart og store ringar, var med på å mjuke opp dei elles konservative tyrkarane når det gjaldt korleis ein skulle sjå ut.
Eksperimenteringa hans med elektroniske instrument i 1980-åra medverka til korleis tyrkisk popmusikk utvikla seg i 1990-åra.
Tekstane hans var varierte, men var hovudsakleg ein modernisert versjon av «aşık»-tradisjonen (omvandrande visesongarar).
Diskografi
endreAlbum
endre- Dünden Bugüne (1972) (Sayan)
- 2023 (1975) (Yavuz Plak)
- Sakla Samanı Gelir Zamanı (1976) (Yavuz)
- Baris Mancho, gjeve ut som Nick The Chopper i Tyrkia (1976) (CBS Disques/Grammofoonplaten S.A.B.V., CBS 81784, Yavuz LP)
- Yeni Bir Gün (1979) (Yavuz ve Burç Plakçılık)
- 20 Sanat Yılı Disco Manço (1980) (Türküola)
- Sözüm Meclisten Dışarı (1981) (Türküola)
- Estağfurullah... Ne Haddimize! (1983) (Türküola)
- 24 Ayar Manço (1985) (Emre Plakçılık)
- Değmesin Yağlı Boya (1986) (Emre Plakçılık)
- 30 Sanat Yılı Fulaksesuar Manço - Sahibinden İhtiyaçtan (1988) (Emre Plakçılık)
- Darısı Başınıza (1989) (Yavuz ve Burç Plakçılık)
- Mega Manço (1992) (Emre Plak)
- Müsaadenizle Çocuklar (1995) (Emre Plak)
- Barış Manço Live In Japan (1996) (Emre Plak)
- Mançoloji (1999) (Emre Plak)
Singlar
endreMed Harmoniler
- Twistin USA / The Jet (1962) (Grafson MGG 515)
- Do The Twist / Let's Twist again (1962) (Grafson MGG 516)
- Cit Cit Twist / Dream Girl (1963) (Grafson MGG 566)
Med Jacques Denjean Orchestra
- Baby Sitter / Quelle Peste / Jenny Jenny / Un Autre Amour Que Toi (1964) (Rigolo 18.726)
Med Les Mistigris
- Il Arrivera / Une Fille (1966) (Sahibinin Sesi 45-AX 3092)
- Bien Fait Pour Toi / Aman Avcı Vurma Beni (1966) (Sahibinin Sesi 45-AX 3093)
- Bizim Gibi / Big Boss Man / Seher Vakti / Good Golly Miss Molly (1967) (Sayan)
Med Kaygısızlar
- Kol Düğmeleri / Big Boss Man / Seher Vakti / Good Golly Miss Molly (1967) (Sayan FS-144)
- Kızılcıklar / I'll Go Crazy (1968) (Sayan FS-171)
- Bebek / Keep Lookin' (1968) (Sayan FS-179)
- Karanlıklar İçinde / Trip - To a Fair (1968) (Sayan FS-180)
- Bogaziçi / Flower of Love (1968) (Sayan FS-194)
- Runaway / Unutamıyorum (1969) (Sayan FS-199)
- Aglama Değmez Hayat / Kirpiklerin Ok Ok Eyle (1969) (Sayan FS 204)
- Kağızman / Anadolu (1969) (Sayan FS 213)
- Mikail Aliyev baris manconun unutamadim parhasin okuyup ve 1 yeri kazandi
Med Barış Manço Ve
- Derule / Küçük Bir Gece Müziği (1970) (Sayan FS-223)
- Dağlar Dağlar 1 / Dağlar Dağlar 2 (1970) (Sayan 229)
Med Moğollar
- İşte Hendek İşte Deve / Katip Arzuhalim Yaz Yare Boyle (1971) (Sayan FS-266)
Med Moğollar / Kaygısızlar
- Bin Boğanın Kızı / Ay Osman (1971) (Sayan FS-271)
Med Kaygısızlar / Les Mistigris
- Fil ile Kurbağa / Je te Retrouverais (1972) (Sayan FS 279)
Med Kurtalan Ekspres
- Ölüm Allah'ın Emri / Gamzedeyim Deva Bulmam (1972) (Yavuz YA 1544)
- Lambaya Püf De / Kalk Gidelim Küheylan (1973) (Yavuz YA 1548)
- Gönül Dağı / Hey Koca Topcu Genç Osman (1973) (Yavuz YA 1554)
- Nazar Eyle Nazar Eyle / Gülme Ha Gülme (1974) (Yavuz YA 1562)
- Bir Bahar Akşamı / Estergon Kalesi (1974) (Yavuz YA 1569)
- Ben Bilirim /2023 (1975) (Yavuz Plak YA 1573)
- Çay Elinden Öteye Rezil Dede / Vur Ha Vur (1976) (Yavuz Plak YA 1580)
Med George Hayes Orchestra / Kurtalan Ekspres
- Nick the Chopper / Lonely Man (1977) (Yavuz YA 1584)
Med Kurtalan Ekspres
- Hal Hal / Eğri Eğri Doğru Doğru Eğri Büğrü Ama Yine De Doğru (1981) (Türküola 239)
Filmar
endre- Baba beni eversene
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Barış Manço» frå Wikipedia på engelsk, den 18. august 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «İşte Barış Manço'nun gerçek adı». Hürriyet (på tyrkisk). 8. desember 2011. Arkivert frå originalen 26. mai 2015. Henta 18. august 20133.
- ↑ Variety's Film Reviews 1985-1986 (Vol 19) by R R Bowker Publishing, ISBN 978-0-8352-2799-5
- ↑ «Baris Manco». Light Millennium. Henta 18. august 2013.
Litteratur
endre- M.Ali Eren (6. februar 1999). «Türkiye Barış'ı arıyor». Aksiyon (på tyrkisk) 218.