Anchisaurus var ein dinosaur i ordenen Saurischia og ein underorden av Prosauropoda. Dei var forgjengarane til dei enorme sauropodane som Diplodocus og Brachiosaurus.

Anchisaurus
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Krypdyr Reptilia
Overorden: Dinosaurar Dinosauria
Orden: Saurischia
Familie: Anchisauridae
Slekt: Anchisaurus
Marsh, 1885

Anatomisk var Anchisaurus ein av dei mest primitive prosauropodane, sjølv om ho var ei av dei siste slektene som dukka opp. Dinosauren levde i tidleg jura.

Anchisaurus var 2-3 meter lang. Som alle prosauropoder hadde han ganske lang hals og eit lett bygd hovud med store augo og taggete, bladforma tenner. Kroppen var lang og smal. Forlemmane enda i store fem-fingra hender der den første tåa hadde ei stor, kraftig klo.

Ein kjenner til to artar: Anchisaurus polyzelus frå Nord-Amerika, og Anchisaurus sinensis frå Kina.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Anchisaurus
  Commons har multimedium som gjeld: Anchisaurus