Opna hovudmenyen
Andørja
Lokalt namn: Áttir
Flyfoto av Andørja Foto: Erlend Bjørtvedt (2013)
Flyfoto av Andørja

Foto: Erlend Bjørtvedt (2013)

Geografi
Norway - Andørja.png
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 68°53′N 17°20′EKoordinatar: 68°53′N 17°20′E

Areal 136 km²

Høgaste punkt Langlitinden (1277 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke:
Kommune:
Troms
Ibestad

Andørja (nordsamisk Áttir) er ei øy med flatevidde på ca 136 kvadratkilometer i Ibestad kommune i Troms. Øya er Nord-Europas fjellrikaste øy.[1] Øya er også karakteristisk på grunn av ein 8 km lang fjord, Straumbotn, som omtrent deler ho i to. Det høgaste fjellet er Langlitinden, 1277 m.o.h. Andørja var tidlegare ein eigen kommune.

SamferdsleEndra

Øya har fastlandssamband til Salangen kommune over Mjøsundet via Mjøsundbrua, Ibestadtunnelen går mellom Andørja og Rolla.

KommunesogeEndra

Andørja var frå 1837 ein del av Ibestad formannskapsdistrikt. I 1926 vart Andørja, Astafjord og Gratangen utskilde frå Ibestad som eigne kommunar. Andørja hadde då 1 420 innbyggjarar.[2]

1. januar 1964 vart Andørja og Rolløya i Skånland slegne saman til Ibestad kommune. Andørja kommune hadde på det tidspunktet eit folketal på 1 330.[2] I dag bur det om lag 650 menneske på øya.

FolketalsutviklingEndra

Folketalsutvikling for tidlegare Andørja kommune frå 1930 til 1964:

1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1964[2]
1420 1465 1393 1330 1330

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra