Salangen kommune

kommune i Troms fylke i Noreg
For fjorden som kommunen er kalla opp etter, sjå Salangsfjorden

68°52′34″N 017°50′30″E / 68.87611°N 17.84167°E / 68.87611; 17.84167

Salangen kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Troms
Adm.senter Sjøvegan
Areal 458 km²
 •  land 440 km²
 •  vatn 18 km²
Folketal 2 069  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Simon Løvhaug (Sp)
Kommunenr. 5522
Kart
Salangen kommune
68°54′02″N 17°53′35″E / 68.900555555556°N 17.893055555556°E / 68.900555555556; 17.893055555556
Kart som viser Salangen kommune.
Kart som viser Salangen kommune.
Kart som viser Salangen kommune.
Wikimedia Commons: Salangen
Nettstad: www.salangen.kommune.no

Salangen kommune (nordsamisk Siellága suohkan) er ein kommune i Troms fylke. Kommunen grensar i nord mot Dyrøy og Sørreisa kommunar, i aust mot Bardu, i sør mot Lavangen, og over Sagfjorden i vest mot Ibestad. Kommunen høyrde tidlegare til Troms fylke, og ligg i indre Sør-Troms.

Kommunesenteret Sjøvegan ligg inst i Sagfjorden.

Kommunevåpenet

endre

Kommunevåpenet viser ein sølvgrå sel på blå botn. Bakgrunnen for kommunevåpnet er namnet til kommunen som på norrønt er Selanger, med tydinga 'Selfjorden'.

Kyrkjer og kapell

endre

Salangen kyrkje ligg i kommunesentret Sjøvegan og vart teken i bruk i 1981. Kyrkja er bygd av betong og tre. Elvenes kapell ligg på Elvenes 11–12 km austom kommunesentret Sjøvegan.

Samferdsle i Salangen

endre
 
Salangen vinterstid.
Foto: Sigmund Pettersen

Avstandar

endre

Snøggbåt

endre

Det er snøggbåtsamband med Brøstadbotn, Engenes og Harstad.

Det er bussamband med Tromsø, Finnsnes, Harstad og Narvik.

Kultur

endre

Idrett

endre

Salangen har tre idrettslag, Salangen idrettsforening, Øvre Salangen idrettslag og Seljeskog idrettslag.

Historie

endre

Salangen kommune vart oppretta i 1871, då han vart skild ut frå Ibestad kommune. 1. januar 1964 vart nabokommunen Lavangen kommune innlemma i Salangen kommune, men vart skild ut att i 1977. Området Lavangsnes vart då verande att i Salangen kommune.

Folketalsutvikling

endre

Folketalsutvikling for Salangen kommune frå 1875:

1875[1] 1900[1] 1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1981[4] 1.1.1991[4] 1.1.2001[4] 1.1.2010[4]
1562a 2280a 2717a 2616a 2885a 2813a 2655a 2507 2549 2358 2211
a Talet omfattar ikkje Lavangsnes, som var del av Lavangen kommune fram til kommunesamanslåinga i 1964.

Kjelder

endre

Fotnotar

endre
  1. 1,0 1,1 "Hjemmehørende folkemengde Troms 1801-1960 Arkivert 2011-05-25 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 12. september 2010
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Folkemengd i Salangen 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff

endre
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.