Ibestadtunnelen er ein undersjøisk tunnel mellom øyene Andørja og Rolla i Ibestad kommune i Troms. Tunnelen går mellom Sørvika på Andørja og Hamnvik på Rolla. Saman med Mjøsundbrua knyter han Rolla til fastlandet. Tunnelen vart opna 2. desember 2000. Han er ein del av riksveg 848.

Ibestadtunnelen er 3396 meter lang, og det djupaste punktet er 112 meter under havoverflata. Den største stiginga i tunnelen er 9,9 %.

Eit anna namn som er brukt om vegsambandet mellom Andørja og Rolla er Bygdeforbindelsen, etter namnet på sundet Bygda som tunnelen kryssar under.

Trafikantane i Ibestadtunnelen har vore plaga av at asfaltstøv og saltvatn som siv inn i tunnelen har gjord tunnelen glatt. Ibestadtunnelen er den einaste av dei undersjøiske vegtunnelane i Noreg som ikkje har ventilasjon.[1][2]

BakgrunnsstoffEndra

Denne artikkelen bygger på «Ibestadtunnelen» henta frå Wikipedia på bokmål 6. april 2008. Bokmålsartikkelen gjev desse kjeldene:

  1. Vegdirektoratet: «Beregning av gjenanskaffelsesverdien av riksvegnettet» (2004)
  2. Harstad Tidende: «Krever full mobildekning i tunnelen» (papirutgåva 16. januar 2008)