Opna hovudmenyen

Astafjord

tettstad og tidlegare kommune

Astafjord er ein kyrkjestad i Skånland kommune i Troms. Staden er no del av tettstaden Grov. Frå 1926 til 1964 var Astafjord ein eigen kommune.

Astafjord
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms
Kommune Skånland
Postnummer 9446 GROVFJORD

Astafjord kommune 1926 - 1964Endra

Astafjord var frå 1837 ein del av Ibestad formannskapsdistrikt. I 1926 vart Astafjord, Andørja og Gratangen utskilde frå Ibestad som eigne kommunar. Astafjord hadde då 1 018 innbyggjarar.

1. januar 1964 vart Astafjord, som då hadde eit folketal på 1 120, slegen saman med Skånland kommune.

FolketalsutviklingEndra

Astafjord kommune var den nest minste kommunen i Troms etter folketal frå han vart oppretta og fram til 1962. Då vart han passert i folketal av Øverbygd kommune, og var dermed den minste kommunen i fylket dei siste to åra han eksisterte.

Folketalsutvikling for tidlegare Astafjord kommune frå 1930 til 1964:

1.12.1930[1] 3.12.1946[1] 1.1.1951[2] 1.1.1961[2] 1.1.1964[3]
1018 1163 1164 1182 1120

FotnotarEndra

  1. 1,0 1,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  2. 2,0 2,1 Folkemengd i Astafjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  3. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)