Anders Behring Breivik
dømt norsk høgreekstrem drapsmann og terrorist
Anders Behring Breivik (fødd 13. februar 1979), offisielt namn Fjotolf Hansen frå 2017 til 2025[1] og Far Skaldigrimmr Rauskjoldr av Northriki frå 2025,[2] er ein norsk høgreekstremist frå Oslo som stod bak planlegginga og gjennomføringa av dei to terroråtaka 22. juli 2011; det fyrste mot Regjeringskvartalet i Oslo, det andre mot AUF sin sommarleir på Utøya i Tyrifjorden stutt tid etterpå. Straffesaka mot Anders Behring Breivik for desse to åtaka, som han har vedgått å ha gjort, men nekta straffeskuld for, tok til i Oslo tingrett 16. april 2012. Ved dom i tingretten 24. august 2012 vart Breivik kjend straffeskuldig og dømd til forvaring i 21 år, med ei minstetid på 10 år.[3][4][5] Korkje Breivik eller påtalemakta anka denne domen.
Anders Behring Breivik | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. februar 1979 (46 år) Oslo |
Yrke | børshandlar, selger, gründer, massemordar, terrorist, konspirasjonsteoretiker |
Språk | norsk |
Politisk parti | Framstegspartiet |
Medlem av | St. Johanneslogen St. Olaus til de tre Søiler, Oslo Pistolklubb |
Religion | Odinisme |
Straff | forvaring |
Far | Jens Breivik |
Mor | Wenche Behring Breivik |
Anders Behring Breivik på Commons |
Kjelder
endre- ↑ «Norwegian killer Breivik changes his name». BBC News. 10 June 2017.
- ↑ «22. juli-terroristen har fått godkjent nytt navn i Folkeregisteret». Henta 4. mars 2025.
- ↑ Wenche Elizabeth Arntzen og Arne Lyng (24. august 2012). «Dom» (på norsk). Oslo tingrett. Henta 15. februar 2013.
- ↑ «Her er hele dommen mot Anders Behring Breivik». Aftenposten (på norsk). 24. august 2012. Henta 2. februar 2022.
- ↑ Behring Breivik er tilregnelig - dømmes til 21 års forvaring, Aftenposten, 24. august 2012