Opna hovudmenyen

Arbeidarane si ungdomsfylking

(Omdirigert frå Arbeidaranes Ungdomsfylking)
AUF, Arbeidarane si ungdomsfylking sin logo

Arbeidarane si ungdomsfylking (AUF) er ungdomsorganisasjonen til Arbeidarpartiet. AUF driv politisk arbeid og legg vekt på sosialt samhald. Organisasjonen blei danna i 1927. Ina Langønes Libak frå Akershus blei valt til leiar i 2018, som etterfølgjar til Mani Hussaini.

Med over 7000 medlemer er det det største ungdomspartiet i Noreg. Fleire toppar i Arbeidarpartiet har vore leiarar i AUF, mellom anna Trond Giske, Jens Stoltenberg og Thorbjørn Jagland. Leiaren i dag heiter Mani Hussaini.

Særleg etter 1960 har AUF ofte vore meir politisk radikale enn moderpartiet, mellom anna i utanrikspolitikken og miljøpolitikken. Dette gjeld ikkje minst under EF- og EU-striden i 1972 og 1994, da AUF begge gonger tok standpunkt mot norsk medlemskap medan Arbeidarpartiet i regjeringsposisjon arbeidde for medlemskap. AUF var sentrale i opprettinga både av AIK i 1972 og Sosialdemokratar mot EU i 1994.

AUF har også engasjert seg sterkt i internasjonalt solidaritetsarbeid og i saker som kampen mot apartheid og for rettane til palestinarane. Dei har hatt omfattande internasjonalt samarbeid gjennom IUSY (International Union of Socialist Youth).

HistorikkEndra

AUF blei danna i 1927 ved at ungdomsorganisasjonane til Det norske arbeiderpartiet og Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti slo seg saman. Til saman hadde AUF kring 10 000 medlemmar, og voks til om lag det tredobbelte i åra fram til den andre verdskrigen.

I etterkrigstida har medlemstalet vore lågare. Frå 1934 dreiv AUF nært samarbeid med dei sosialdemokratiske ungdomsforbunda i Sverige og Danmark og meldte seg i 1937 inn i Sosialistisk ungdomsinternasjonale. Organisasjonen blei oppløyst saman med dei politiske partia 25. september 1940, men blei raskt reorganisert ved frigjeringa i 1945.

Kjente politikarar som Bjartmar Gjerde, Reiulf Steen, Bjørn Tore Godal, Rune Gerhardsen, Sissel Rønbeck, Thorbjørn Jagland, Jens Stoltenberg, Turid Birkeland, Trond Giske og Anniken Huitfeldt har alle vore leiarar i AUF. Leiarar dei seinare åra har vore Eva Kristin Hansen (2000–02), Gry Larsen (2002–06), Martin Henriksen (2006–10) og Eskil Pedersen (2010–14).

AUF gjev ut ungdomsavisa Praksis, tidlegare Arbeiderungdommen (1953–73 Fritt Slag). Til 100-årsjubileet for ungdomsorganisasjonen i 2003 kom jubileumsboka Partiets salt.

AUF-skandalenEndra

Våren 1998 vart to framståande medlemmar av AUF, blant dei ein Stortingsrepresentant for AP, dømd til fengelsstraffer for omfattande juksing med medlemslister, for å motta urettmessig stor offentleg støtte. Dei to hevda at triksinga var ein etablert praksis som hadde pågått gjennom fleire tiår, også bland andre ungdomsparti og organisasjonar.

Andre ting er den store juksinga med medlemmar som dei kalla "intromedlemmar". Desse var eigentleg ikkje medlemmar, men blei verva til eit teoretisk medlemskap, og var ikkje medlemmar i praksis.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra