Anders Jensen Horgen

norsk skog- og gardbrukar og politikar (A)

Anders Jensen Horgen (11. mars 18612. juni 1947) var ein norsk skog- og gardbrukar frå Hokksund i Øvre Eiker. Han representerte ArbeidarpartietStortinget i åra 1913-21.

Anders Jensen Horgen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. mars 1861
Nedre Eiker kommune
Død

2. juni 1947 (86 år)
Krokstadelva

Yrke politikar, bonde
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet
Anders Jensen Horgen på Commons

Han var son til ein laksefiskar på strandstaden Hokksund. Far hans døydde då Anders var fire år, så det vart mora og hennar bakeriverksemd som fødde familien ei tid framover. Fram til 1896 var han tømmerfløytar og tømmerdelar, og deretter formann i eit trelastfirma i Drammen. Frå 1898 dreiv han eiga trelastforretning, og i tillegg var han gardbrukar på Horgen i Nedre Eiker frå 1900.

Horgen var medlem i Øvre Eiker heradsstyre i seks år: Frå 1904 var han med i Nedre Eiker heradsstyre, ordførar frå 1908 til -16. Horgen representerte Buskerud krins på Stortinget i periodan 1913-15, 1916-18 og 1919-21. Han var heile tida medlem i Protokollkomiteen. Ved den fyrste kløyvinga av Arbeidarpartiet i 1921, var han mellom dei ikkje braut ut.

Kjelder endre