Anders Korsvold

Anders Olsson Korsvold (29. juli 185614. oktober 1912) var ein norsk byggmeister og gardbrukar på garden Fonna i Gulen.

Anders Korsvold
Fødd 29. juli 1856
Gulen
Død

14. oktober 1912 (56 år)
Balestrand

Korsvold bygde Arnafjord kyrkje, Mjømna kyrkjeMjømna i 1901, Gaupne kyrkje i Gaupne 1907 og den engelske St. Olafs kyrkje i Balestrand.[1] Han bygde også Fretheim hotell i Flåm i 1904, Maristuen hotell i Lærdal, Nystuen hotell på Filefjell, Hotel Mundal i Fjærland og Kviknes Hotell i Balestrand. Videre bygde han også gjestgjevarstaden på Skjerjehamn i 1891, prestegarden i Eivindvik (hus og løe) i 1905, lensmannshuset Solvang, bolighuset på Krossvoll.[1]

Han døydde under eit opphald i Balestrand.

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 Gjerde, Anders. «Byggmeister Anders O. Korsvold». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 10. mars 2021.