Gaupne kyrkje

kyrkje i Luster kommune
For 1600-talskyrkja i Gaupne, sjå Gaupne gamle kyrkje.


Gaupne kyrkje står i Gaupne i Luster kommune i Vestland og er ei langkyrkje på 1907. Kyrkja er teikna av Hans Jacob Sparre og byggmeister var Anders Korsvold. Dei same to stod òg bak Sæle kyrkje i Balestrand, og dei to kyrkje liknar mykje på kvarandre. Ei anna systerkyrkje som vart ført opp etter same teikningane er Stemshaug kyrkje på Nordmøre.

Gaupne kyrkje
Gaupne kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Luster
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sogn
Sokn Gaupne
Fellesråd Luster
Type Langkyrkje
Arkitekt Hans Jakob Sparre
Byggmeister Anders Korsvold
Material Tre
Innvigd 29. august 1907
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 230
Kart
Gaupne kyrkje
61°24′35″N 7°17′13″E / 61.4097°N 7.28694°E / 61.4097; 7.28694
Wikimedia Commons: Gaupne kyrkje
Gaupne kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Gaupne kyrkje
Kyrkja i 1926.

Kyrkja erstatta Gaupne gamle kyrkje som soknekyrkje i Gaupne sokn. Gamlekyrkja var ikkje lenger teneleg som soknekyrkje, men i staden for å rive, slik det hadde vorte gjord med so mange gamle kyrkjer på 1800-talet, vart Gaupne gamle kyrkje overleten til Fortidsminneforeninga og teken vare på.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre