Gjestgjevarstaden på Skjerjehamn

Gjestgjevarstaden på Skjerjehamn ligg på Skjerjehamn i Gulen kommune i Vestland. Skjerjehamn ligg på nordvestodden av Sandøya, på ei øy like ved. Det er seinare laga ei fylling til Blidensol. Bygningen som inneheld hotell og reiselivsanlegg er frå 1891.

Gjestgjevarstaden på Skjerjehamn
Foto: Frode Inge Helland
Gjestgjevarstaden på Skjerjehamn
Foto: Bjarne Thune
Skjerjehamn
Foto: Frode Inge Helland
Vedhuset
Foto: Bjarne Thune
Gjestgjevarstaden på Skjerjehamn
Foto: Bjarne Thune
Spisestova
Foto: Bjarne Thune
Interiør
Foto: Bjarne Thune
Soverom
Foto: Bjarne Thune

Historie endre

Skjerjehamn skal ha vore kremmarstad frå gammalt av. Oftast var det kjøpmenn frå Bergen som fekk i gang desse stadene langs kysten. Det vart sett opp hus, og så sende ein handelsmenn dit.[1]

Den første kremmaren var Jon Dirch som ifylgje manntal skal ha drive «Kremmerleie» i 1665. Jakob Robertson var gjestgjevar til 1707.[2]

Det første kongelege privilegium endre

Lars Pedersen Møhlen er nemnd som gjestgjevar i 1728. Kona hans heitte Ingeborg Jacobsdatter. Lars hadde stor gjeld og måtte auksjonere bort staden. Han døydde omkring 1735. I 1738 greidde Ingeborg å kjøpe att husa. Året etter kjøpte ho heile garden Vatsvik ved Skjerjehamn på auksjon. Ingeborg fekk kongeleg privilegium til å drive gjestgjevarstad i Skjerjehamn 28. mars 1743. I 1746 måtte ho selje til Berte Katrine Brede som var gift med Gabriel Andreas Jæger. 2. februar 1753 fekk han løyve til å drive gjestgjevarstaden, og i 1755 fekk han kongeleg privilegium. Jæger vart klaga for ulovlig brennevinsal og tjuveri og måtte i 1795 selje gjestgjevarstaden, holmane og privilegia til Torgeir Olsson Bjelland. Gjestgjevarstaden vart seld ei rekkje gonger. I 1838 vart staden matrikulert og var då eigd av Nathanael Sunde Ross.[3]

30. juli 1840 kjøpte prost Dahl heile eigedommen Han ville få slutt på brennevinshandelen, men Nathanael fekk drive verksemda, og i 1847 fekk han kjøpe ho att. Han måtte forplikte seg til ikkje å selje brennevin til andre enn til ferdafolk. Son hans, Gabriel Nathanaelson Ross, selde i 1861 Skjerjehamn til Wilhelm Schreuder. Han fekk i 1826 løyve til å drive gjestgjevarstaden og handelen i Skjerjehamn. Det kom no istand dampbåtrute mellom Stavanger Bergen og Lærdal som stoppa i Skjerjehamn. Fylkesbaatane kom i drift i 1858.[4]

Skildring av staden endre

I Skillingsmagasinet frå 1870 er staden skildra:

Stedet frembyder som saamange andre Handelssteder paa vor Vestkyst, med sin Gruppe af hvidmalede, vel vedligeholdte Huse, med en grøn Plet og nogle Træer i sin umiddelbare Nærhed, et venligt Skue, der gjør et saameget mere behageligt Indtryk som det afgiver en sterk kontrast til de Nøgne og golde Omgivelser.[5]

Skjerjehamn vert bygd ut endre

Otto Kristian Schreuder fekk skøyte på eigedommen 23. juni 1880. Otto bygde mange hus på eigedommen. I 1891 sette han opp den store hovudbygningen som står der no. Byggmeister var Anders Korsvold. Huset er i to etasjar med loft og kjellar. Bygningen inneheld gjesterom for overnatting og bustad for eigaren. Bygningen er i sveitserstil.[6]

Same året bygde han kai til dampbåtane. I 1896 sette han opp et stort trelastlager. Postopneri, telegrafstasjon og rikstelefon kom til Skjerjehamn i hans dagar. Landhandelen auka sterkt og Skjerjehamn vart omlastingsstad for fleire båtruter. Schreuder dreiv Skjerjehamn til 1918. Då flytta han og familien til Bergen.[7]

1900-talet endre

Schreuder si eldste dotter, Gunhild Ottodatter Schreuder, gifte seg med Johannes Iverson Steine som drev trelastfabrikk i Dingja. Dei tok over Skjerjehamn i 1918 og sette opp notbarkeri, nothengje og ein slipp. I 1926 sette han opp ny butikk og kontorbygning nede ved kaien. under krisetida i 1930-talet måtte han selje ut det meste. Ingolf Troland kjøpte det som var att av eigedommen i 1946 og dreiv den til 1954. Franz Berhnard Hesvik kjøpte eigedommen i 1954. Husa vart sette i god stand og fekk innlagt vann og bad. Borna hans, Arne, Bjarne og Målfrid, fekk skøyte på eigedommen i 1982, men hadde då flytta til Bergen.[8]

2000-talet endre

I 2004 vart syskena Hesvik samde om å selje eigedommen. Sidan 1996 hadde det vore drive ei enkel form for utleige av husa då det ikkje var tilstrekkeleg med rom til å drive lønsamt.[9] I 2005 kjøpte fiskeoppdrettar Ola Braanaas Skjerjehamn. Han har rusta opp staden til å bli eit moderne reiselivsanlegg, men samtidig prøvde han å ta vare på dei historie røtene. 4. august 2007 vart statuen av Olav V avduka. Den var laga av bilethoggeren Knut Steen.[10]

Referansar endre

  1. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 23
  2. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 25
  3. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 26-28
  4. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 28
  5. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid bind 3 side 32
  6. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 32
  7. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 32
  8. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 34
  9. Reigstad, Magne: «Kvitter seg med kystperle»
  10. Fylkes arkivet: «Handelsstaden Skjerjehamn»

Litteratur endre

  • Brekke, Ingeborg; «Skjerjehamn - eit handels-og kommunikasjonssenter i leia» i Glimt fra Gulen 1998
  • Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, Gulen Kommune 1996
  • Reigstad, Magne: «Kvitter deg med kystperle» i Bergens tidende, Hus og hjem side 4 10. september 2004

Bakgrunnsstoff endre