Andranik Margarjan

armensk politikar

Andranik Margarjan (12. juni 195125. mars 2007) var ein armensk politikar. Han var statsminister i Armenia frå 12. mai 2000 til han døydde. Margarjan var medlem av Armenias republikanske parti (Hayastani Hanrapetakan Kusaktsutyun).

Andranik Margarjan
AndranikMargaryan (cropped2).jpg
FøddԱնդրանիկ Մարգարյան
12. juni 1951
Jerevan
Død25. mars 2007 (55 år)
Statsborgar avSovjetunionen, Armenia
PartiArmenias republikanske parti
Yrkepolitikar, ingeniør
Utdanna vedNational Polytechnic University of Armenia
BarnTaron Margaryan
VervStatsminister i Armenia 2000-2007
FøregangarAram Sargsian
EtterfylgjarSerzj Sargsian

Andranik Margarjan vart medlem av Det nasjonale einskapspartiet i 1968. Dette partiet var forbode i Sovjetunionen. Margarjan gjekk inn for eit uavhengig, demokratisk Armenia. Han vart arrestert i 1974 og dømd til to års fengsel for å spreia upatriotiske idear og aktivitetar. Då Armenia vart sjølvstendig vart Margarjan med i Armenias republikanske parti i 1992. Han var formann i partiet frå 1993. President Robert Kotsjarjan utnemnde han til statsminister 12. mai 2000.

Margarjan døydde brått av hjarteinfarkt 25. mars 2007. Han var gift og hadde tre born.