Andrea Pirlo

italiensk fotballspelar

Andrea Pirlo (fødd 19. mai 1979) er ein italiensk tidlegare fotballspelar frå Brescia. I august 2020 vart han trenar for A-laget til Juventus.[treng kjelde]

Andrea Pirlo
Personleg informasjon
Fødd 19. mai 1979 (45 år)
Fødestad Viterbo i Italia
Høgd 190 cm
Posisjon Midtbanespelar
Ungdomsklubbar
1994-95 Italia Brescia
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1995-98
1998-2001
1999-2000
2001
2001-11
2011-2015
2015–2017
Italia Brescia
Italia Inter
Italia Reggina (lån)
Italia Brescia (lån)
Italia Milan
Italia Juventus
USA New York
47 (6)
22 (0)
28 (6)
10 (0)
284 (32)
119 (16)
60 (1)
Landslag
1998-2002
2000-04
2002-2015
Italia Italia U21
Italia Italia OL-lag
Italia Italia
37 (15)
9 (1)
116 (13)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Frå sommaren 2011 spela han for den den italienske klubben Juventus, men er best kjend for sine mange sesongar i AC Milan. Pirlo var med på Italias landslag som vann verdsmeisterskapen i fotball 2006. Med Milan vann han to seriemeisterskap og to Meisterliga-titlar. For Juventus vart han seriemeister i 2012.

Aktiv

endre

Pirlo debuterte for Brescia i 1994 og spela for klubben i hembyen til 1998. Mellom 1998 og 2001 spela han for Inter, Reggina og Brescia, dei to siste klubbane på utlån. Frå 2001 spela han ti sesongar for AC Milan. Her var han med å vinne Meisterliagen i 2003 og 2007, og Serie A i 2004 og 2011. Sommaren 2011 gjekk han til Juventus og vart serievinnar allereie i sin fyrste sesong i klubben.

Pirlo fekk sin debut på Italia sitt landslag i 2002. Han var med i EM 2004, same sommaren var han med på laget som tok bronse under OL 2004 i Athen. Under VM-finalen 2006 spela han ei dominerande rolle på midtbana då Italia vart verdsmeistrar etter å ha vunne straffetevlinga i 1-1 i kampen mot Frankrike, og vart kåra til den beste spelaren i kampen. Gjennom Fotball-EM 2012 var han den viktigaste spelaren for eit italiensk landslag som nådde finalen i meisterskapen.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Andrea Pirlo