Andreas Hjartbro Bube (fødd 13. juli 1987) er ein dansk friidrettsutøvar frå Gladsaxe som vann sølvmedaljen på 800-meteren i europameisterskapen 2012 i Helsinki.

Andreas Bube


Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 13. juli 1987 (36 år)
Gladsaxe
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016

Aktiv endre

Bube tevla i yngre mest i 400 meter og 400 meter hekk. I desse distansane, øvingane sette han personleg rekordar med 52,41 sekundar på langhekken i 2007, og med 46,48 sekundar på 400 meter i 2009. Frå 2010 satsa han på 800 meter, ein distanse han gjorde personbeste på med tida 1.46,10 ved eit stemne i Gent i Belgia sommaren 2011. Ved VM i Daegu i slutten av august forbetra han den personlege rekorden til 1.45,48 i semifinalen. Endå fortare sprang han i Brussel i det siste DL-stemnet i den same 2011-sesongen, der han vart klokka inn til 1.45,04.

800-meterfinalen under europameisterskapen 2012 i Helsinki gjekk unna i eit lågt tempo til oppløpssida. Bube heldt på å vinne løpet med ein sugande spurt, han enda opp med sølv 0,08 sekund bakom Jurij Borzakovskij frå Russland. Vinnartida var så svak at 26 av dei 36 EM-deltakarane sprang fortare i kvalifiseringa. Tre veker etter Helsinki-EM sette Bube den 20. juli 2012 personleg rekord med 1.44,89 i Monaco.

Bube enda på fjerdeplass på 800 meter i Friidretts-EM 2014 og sjetteplass i 2018.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre