Andreas Hansson
Andreas Hansson (23. september 1853–14. oktober 1923) var ein norsk handelsmann, pressemann og stortingsrepresentant frå Tromøy i Aust-Agder. Han var medlem av Venstre.
Andreas Hansson | |||
| |||
Fødd | 23. september 1853 | ||
---|---|---|---|
Død | 14. oktober 1923 (70 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Hansson var son til ein gardbrukar og snikkar på Gjerstad i Tromøy. Tretten år gammal reiste han til Vigsnes i Karmøy og var gruvearbeidar i eit års tid. Åra 1869-71 var han krambusvein same staden. Deretter var han sjømann 1872-73 og gjekk folkehøgskule 1873-74. Frå 1874 til -77 var han på ny tilsett på krambu, medan han i perioden 1877-86 var landhandlar heime på Tromøya. 1886-88 var han redaktør av Samholds Avis i Arendal. Frå 1888 var han både utgjevar og redaktør av avisa Folketanken som kom ut i Risør frå 1889. Han leia avisa heilt til han døydde.
Hansson var medlem av bystyret i Risør frå 1897, skulestyreformann og frå 1912 forlikskommissær, og vart ordførar i Risør i 1922. Dei to stortingsbolkane mellom 1903 og 1909 representerte Hansson Risør til Stortinget. I den første bolken var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen, i den andre sekretær i sosialkomiteen Han fekk på ny sete i Stortinget for valperioden 1916-18, då sekretær i justiskomiteen. Heile tida som tingmann representerte han Venstre.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
[[Kategori:Norske redaktørar[[