Andreas Nicolaus Kornerup

Andreas Nicolaus Kornerup (7. februar 18573. september 1881) var ein dansk geolog, ingeniør, målar, dosent og grønlandsforskar.

Andreas Nicolaus Kornerup

Fødd7. februar 1857
København
Død3. september 1881
København
NasjonalitetDanmark
Yrkekunstmålar, geolog
InstitusjonarDen Kongelige Veterinær- og Landbohøjskole

Liv og virke endre

Han var fødd i København som son av litografen Lars Andreas Kornerup. I 1872 tog Kornerup præliminæreksamen og året etter adgangseksamen til Polyteknisk Læreanstalt. Her gjekk han ut i 1878 som kandidat i «anvendt naturvidenskab». I 1879 blei han utnemnd til dosent i jordbotnlære ved Landbohøjskolen, men hadde berre eit kort høve til å verka i stillinga, då han blei alvorleg sjuk av tuberkulose. Etter 3/4 års sjukeleie døydde han, berre 24 år gammal.

Trass den korte tida han hadde til å verka i, let Kornerup etter seg eit namn som geolog og grønlandsforsker. Tydinga hans låg hovudsakleg i det frittskuande blikket, som han, trass den unge alderen sin og oppsedinga under det som kunne verka som særs innskrenkande københavnske forhold, hadde over dei storslåtte naturforholda og den viktige geologiske kunnskapen Grønland kunne gje. Samstundes klarte han, ved hjelp av medfødde kunstnariske talent og ved nøye opplæring i ungdommen, å illustrera dei geologiske skildringane sine ved ei rekkje nøyaktige avbildingar.

Også som plantesamlar hadde Kornerup ei betydeleg verksemd på Grønland. Allereie før han var blitt kandidat, deltok han i ein ekspedisjon til Julianehåb distrikt i 1876. Våren 1878 drog han på nytt til Grønland, der han var deltakar i J.A.D. Jensen si kjende isvandring. I 1879 utførte han saman med Jensen og Regnar Hammer den siste grønlandsferda si til Holsteinsborg og Egedesminde distrikt. Det er livlege skildringa av dei geologiske undersøkingane på desse ekspedisjonane i Meddelelser om Grønland og i eit par avhandlinger i Geografisk Tidsskrift (II og IV).

Kornerups skreiv også Geologiske Iagttagelser frå Vestkysten av Grønland (1879), som blei innrykka i 2. bind av Meddelelser. Dette var det siste verket hans. Han deltok i møtet til dei skandinaviske naturforskarane i Stockholm 1880, der verka og bilda hans vekte beundring, og der han på forslag frå A.E. Nordenskiøld blei vald til utanlandsk medlem av Geologiska Föreningen. Etter møtet drog han på fjelltur i Noreg, der ein sjukdom han hadde utvikla på Grønland blussa opp att, og han måtte venda heim i dødssjuk tilstand til København. I 1882 blei det stilt ut fleire større akvarellar frå Grønland av Kornerup.

Han er gravlagd på Garnisons kyrkjegard.

Kjelder endre

Galleri endre

Kjelder endre