Andreas Sigurdsen
Andreas Sigurdsen (2. februar 1861–23. august 1939) var ein kemner og stortingsmann frå Skien i Telemark. På Stortinget representerte han Venstre.
Andreas Sigurdsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. februar 1861 Skien kommune |
Død |
20. august 1939 (78 år) |
Yrke | Tollar, politikar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Venstre |
Andreas Sigurdsen på Commons |
Sigurdsen var son til ein maltmeister. Sjølv arbeidde han på eit sakførarkontor frå 1876. Deretter var han frå 1881 i tolv år fullmektig hos futen i Nedre Telemark. Tida 1893-95 var han fungerande fut for same distriktet. Frå 1896 til 1926 var han kemner i Skien. Til sist var han borgarmeister i Skien i ni år frå 1926.
Sigurdsen var med i leiinga av fråhaldsfolket sitt fellesutval i åra frå 1891 til 1906, vekselvis som formann, nestformann eller sekretær. Han var òg forstandar (styreleiar) for Skiens hospital frå 1894 til 1900. I 1909 vart han formann for dissentartinget, eit verv han hadde i sytten år. Sjølv høyrde han til ein baptist-kyrkjelyd.
Sigurdsen tok sete på Stortinget som representant for Skien frå 1913. Han vart attvald for ein ny periode, 1916-18. I den fyrste valbolken var han nestformann i justiskomite nr 1, i den andre medlem av same komiteen.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914